Fagskuletilbod held fram frå hausten 2012

(28.06.2012)

I møte 21.juni løyvde Hordaland Fylkesutval kr: 2,7 millionar til oppstart av nytt kull på Teknisk fagskule innan maskinteknikk og elkraft, som fjernundervisning på Stord hausten 2012. Som kjent starta dette tilbodet opp i fjor haust etter et initiativ frå Apply Leirvik, Advantec, Kværner og Wärtsilä Norway. Tilbodet vert no opent for alle verksemdene i Sunnhordland som måtte være interessert.

Dette er et særs viktig tiltak for å løysa kompetanseutfordringane i regionen.

[ Gå til nyhendeoversikt ]

[ Gå til nyhendearkiv ]
123 movies