Sunnhordlandskonferansen 2014 - 18.september

(30.06.2014) MED KUNNSKAP OG BEGEISTRING INN I FRAMTIDA    -   Sunnhordlandskonferansen  2014

 

Den 18. september arrangerer me den 16. Sunnhordlandskonferansen med utgangspunkt i den Petromaritime industrien i regionen.

Me ser moglegheiter, og me har sterk tru på at det er kreativitet, teknologisk utvikling og menneske sitt ønskje om å lukkast, som vil forma framtida. Me kallar det kunnskap og begeistring!

 

Sunnhordlandskonferansen den 18.september vil synleggjere leverandørindustrien si rolle som samfunnsbyggar i regionen, og me vil sjå på «heile reknestykket» for å bygga plattformar i Noreg.

Kva vert konsekvensen for lokalsamfunn og Sunnhordlandsregionen dersom rammevilkåra for industrien ikkje er føreseielege?

 

Leverandørindustrien har gjennom kontinuerlige forbetringsprosessar trimma seg for å vera konkurransedyktig. Kva er norsk leverandørindustri sine fortrinn? Kvifor valde Lundin norsk når dei skulle bygga deira største første plattform for den norske kontinentalsokkelen? Og når me spår framtida er det godt å ha med seg kunnskap og begeistring også om korleis vår klode har omstilt og utvikla seg.

 

Set av dagen den 18.september, så får du invitasjon og detaljert program i byrjinga av august.

[ Gå til nyhendeoversikt ]

[ Gå til nyhendearkiv ]
123 movies