Medlemsundersøking - Eit framtidretta transportsystem framleis vår største utfordring

(27.03.2015)

Ein fersk medlemsundersøking gjort hos næringsforeningane i Hordaland, Haugesund og Stavanger viser at det er stor semje på Vestlandet om kva som er dei største utfordringane for næringslivet.

Oljeprisen har innverknad på optimismen, også på Stord. Men det er framleis et framtidsretta transportsystem verksemdene held fram som den største utfordringa for regionen i et femårs perspektiv. Det å behalde eller auke konkurransekrafta på internasjonale marknader, auka innovasjons- og omstillingsevne, samt forbetring av regionalt samarbeid  ser verksemdene som store utfordringar.

 

3/4 av dei spurde trur at verksemda sine økonomiske resultatet for 2015 vert det same som for 2014, eller betre.

 

Som tilbakemeldingar på kva konkrete tiltak næringslivet på Stord ønskjer seg frå myndigheitene er; endra permitteringsreglane, prioritering av norske leverandører på sokkelen og fortgang i utbygging av ferjefri E39 blandt forslagene som går igjen.

 

Gjennomgåande i svarene frå næringslivet er også erkjennelsen av behovet for omstilling.

Du kan lasta opp tala for Stord her og samanlignande tal mellom Stavanger, Haugesund, Stord og Bergen her.
Den samla spørjeundersøkinga for Vestlandet med kommentarar kan du lasta ned her.

[ Gå til nyhendeoversikt ]

[ Gå til nyhendearkiv ]
123 movies