Tour des Fjords på Stord 29.mai

(21.05.2015)

Bli med å laga folkefest og god Stordreklame under Tour des Fjord den 29.mai. Jo betre Folkefest me lagar, dess betre Stordreklame får me!

3. etappen Tour des Fjords går frå Stord – Sauda. 166 km langt og 264 meter djupt sykkelritt gjennom Bømlafjordtunellen.

Folkefesten startar kl 11.00 i Leirvik sentrum. Det vert Barneritt med start kl. 12.00 og pølsefest og premiering i dei ulike aldersklassane i etterkant.

Du møter mellom anna verdensstjernene Alexander Kristoff, Edvald Boasson Hagen, Fabian Cancellera og Stijn Devolder på Torget før start Tour des Fjords, når det frå kl. 12.45 vert det innskriving av ryttarane og presentasjon av teamene

Starten går kl. 13.50 frå Torgområdet mellom Stomas og Rådhuset.  Masterrunden går ned mot Kulturhuset, gjennom rundkjøringane i Hamnegata, og opp igjen Torgbakken. Gjennom Borggata og ned igjen Skrivarvegen. Gjennom «Griserumpa», ned Sævegen, opp mot Vabakkjen og ut på E39.

TV2 har fleire filmteam på Stord 29.mai. Magdalena From Delis og Spinae Company har mange spanande planer for at Stord skal visa godt igjen, og at det vert skapt flotte TV-bilder.

Det er viktig at me klarar få ut mykje publikum, spesielt langs Masterrunden og opp til Vabakkjen, men også på Heiane. Ta med deg kollegar, vener – profiler verksemda di, skulen din eller organisasjonen din langs ruta, og sjølvsagt, ta med norske flagg. Sykkelryttarane melder at dei likar seg ekstra godt når det er mykje publikum og stor stemning langs ruta.

Det som vert filma frå starten på Stord vert redigert i Sauda, og blir introduksjonen til TV2 si sending som startar kl. 15.30.  Det vert direktesending på TV 2 og Eurosport i 64 land fram til kl. 19.00.

Jo betre Folkefest me lagar, dess betre Stordreklame får me!

 

Me anbefaler sjølvsagt alle til å bruka sykkel til Leirvik sentrum den 29.mai. For dei som har med bil må ein parkera på Amfisenteret, i Sæ eller i parkeringshuset ved Turnhallen. Innafor sentrumsområdet vert parkeringsplassane reservert til sykkelteamene og følgje-bilane deira. Osen vert stengt for gjennomkøyring den 29.mai fram til kl.14.30.

[ Gå til nyhendeoversikt ]

[ Gå til nyhendearkiv ]
123 movies