Næringsprisen 2015 til Stord Innkvartering

Frå venstre; styremedlem Øyvind Jørgensen og dagleg leiar Endre Sørstrømmen i Stord Innkvartering
Frå venstre; styremedlem Øyvind Jørgensen og dagleg leiar Endre Sørstrømmen i Stord Innkvartering
(26.10.2015) Stord Innkvartering tok heim Næringsprisen 2015 på Årsfesten den 22. oktober,
i sterk konkurranse med  Salt Ship Design og Bømlo Brønnbåtservice
Frå venstre; dagleg leiar Anne-Grete Sandtorv SNR, styremedlem Øyvind Jørgensen og dagleg leiar Endre Sørstrømmen Stord Innkvartering, regionbanksjef
Jan Arild Nesse og banksjef Svein Ottesen Sparebanken Vest
Frå venstre; dagleg leiar Anne-Grete Sandtorv SNR, styremedlem Øyvind Jørgensen og dagleg leiar Endre Sørstrømmen Stord Innkvartering, regionbanksjef Jan Arild Nesse og banksjef Svein Ottesen Sparebanken Vest

Næringsprisen 2015

Næringsprisen 2015 er et samarbeid mellom Stord Næringsråd og Sparebanken Vest. Næringsprisen skal bidra til å skapa merksemd rundt næringslivet, og gje honnør til dyktige næringslivsaktørar.

I kriteria for prisen  heiter det:

” Prisen skal gå til ei verksemd som har utmerkt seg anten gjennom innovasjon, kreativitet eller gode resultat. Verksemda som får prisen må vera medlem i Stord Næringsråd”.

Næringsprisen 2015 vart delt ut på Stord Næringsråd sin årsfest 22.oktober.

Det var tre flotte finalistar som kjempa om den gjeve prisen;

  • Salt Ship Design v/Arne Stenersen
  • Stord Innkvartering v/Leif Trygve Nilsen
  • Bømlo Brønnbåtservice v/Geir Agasøster

 

Tre verksemder som alle har si forretningsadresse i Leirvik på Stord, men som alle stort sett har kundane sine utanfor øyo.

 

Det var Stord Innkvartering som gjekk av med sigeren og vart tildelt Næringsprisen 2015 med følgjande grunngjeving:

 

Stord Innkvartering er ein aktør som gjennom mange år har bygd seg opp som ein av landets største i sin bransje.

Dei har utvikla spisskompetanse innanfor modulbasert utleigeverksemd, og har fått fleire bein å stå på med kundar i det offentlege, m.a. Forsvaret, i tillegg til oljerelatert og annan industri. Stord Innkvartering har også engasjement innafor eigedom, og har i mange år hatt solide tal. Dei driv effektivt, og har ein unik kompetanse på prosjektgjennomføring.

Stord Innkvartering vinn stadig nye, store kontraktar, kor dei alltid tek med seg sine trufaste underleverandørar frå Stord.

 

Det var dagleg leiar Endre Sørstrømmen og styremedlem Øyvind Jørgensen som tok i mot prisen på vegne av Stord Innkvartering.

Stord Næringsråd gratulerer! Me er stolt og glad for å ha med seg ei slik flott verksemd på laget!

[ Gå til nyhendeoversikt ]

[ Gå til nyhendearkiv ]
123 movies