PS! med Sparebanken Vest i Kunnskapshuset 12.november

Professor NHH Lasse B. Lien
Professor NHH Lasse B. Lien
(13.11.2015) Det var fullt hus då Stord Næringsråd i samarbeid med Atheno og Sparebanken Vest arrangerte PS! med fokus på global uro og oljebrems og presentasjon av Vestlandsindeksen.
Professor NHH Øystein Thøgesen
Professor NHH Øystein Thøgesen
Dagleg leiar Vågen AS Børge Pedersen
Dagleg leiar Vågen AS Børge Pedersen

Det var konserndirektør for bedriftsmarked i Sparebanken Vest, Ragnhild Janbu Fresvik som presenterte Vestlandsindeksen og korleis Sparebanken Vest møter ein tøffare marknad også innafor finans.

"Frå global uro og oljebrems til verdiskaping på Vestlandet" var tema for professor Øystein Thøgesen ved NHH sitt innlegg.
Professor Lasse B. Lien ved NHH tok for seg "Nedgangstider og endring".  Dette var spanande foredrag frå dei som til dagleg underviser studenter, og et innblikk i korleis det globale bilde har stor innverknad på ein liten open økonomi som Noreg er. Og ikkje minst korleis kriser slår ulikt inn i ulike bransjar og verksemder av ulik størrelse.

Dagleg leiar i Vågen AS, Børge Pedersen synte gjennom sitt foredag korleis krisetider gjev utvikling for hans verksemd. Dei jobbar med å finna nye marknader for sine transportskruar, og ser på heile verda som marknad.

Mykje god mat og drikke, og tid til mingling og prat vart det også, før dagleg leiar Astrid Kjellevold Steinsland i Atheno runda av kvelden med takk til foredragshaldarane.
[ Gå til nyhendeoversikt ]

[ Gå til nyhendearkiv ]
123 movies