Tour des Fjords - Stord er startstad for 2. etappen den 1. september!

(28.06.2016) Stord fekk mykje skryt for Folkefesten under Tour des Fjords den 29. mai 2015, og var derfor ønska igjen som Startstad for rittet i 2016 av Tour des Fjords leiinga.

Stord kommune var rask å bevilga kr: 50.000,- til startkapitalen, og Stord Næringsråd fulgte opp med innsamling hos næringslivet for å få
kr: 300.000,- på plass.

Magdalene From Delis og Spinae Company er hyra inn for å laga Folkefesten saman med Stordbuen, og Stord Sykkelklubb har tatt på seg den store jobben med rigging og vakthald på sykkelarenaen 1. september.

Så då er det bare å gle seg!

TORSDAG 1. SEPTEMBER  - 2. ETAPPE STORD – ODDA 212,5 km

Folkefesten starar kl 10.00 på Torget

Barneritt frå 2 -12 år!  

BMX-show!

Start Tour des Fjords rittet kl 12.40 ved Rådhuset – turen går til Sagvåg, kjem tilbake over Litlabø og gjennom Leirvik,  før ryttarane tar sørover på E39, gjennom Bømlafjordtunnellen med Odda som mål! Sjå heile etappen her; 





[ Gå til nyhendeoversikt ]

[ Gå til nyhendearkiv ]
123 movies