Gratulerer til Zpirit med storoppdrag!

(05.09.2016) Reklamebyrået Zpirit på Stord vart valt som strategisk byråpartnar av Palfinger Marine.

Global dekksutstyrsgigant valde Zpirit

I konkurranse med fleire norske og internasjonale byrå, er Zpirit valt som strategisk byråpartnar for austerrikske Palfinger Marine. Dette er ein av dei største avtalane Zpirit har inngått.

Med oppkjøpet av Harding Safety satsar Palfinger Marine på å bli verdas leiande totalleverandør av dekksutstyr til skip og riggar. For å underbygga denne satsinga, har selskapet starta eit omfattande arbeid med å utvikla og implementera ny grafisk profil, samt ei intensiv marknadsføring som vil starta ved årsskiftet. I konkurranse med norske og utanlandske byrå er Zpirit nyleg valt som Palfinger Marines samarbeidsbyrå, både for denne jobben og i eit langsiktig perspektiv.

Les heile pressemeldinga her; Zpirit vann storoppdrag.docx
[ Gå til nyhendeoversikt ]

[ Gå til nyhendearkiv ]
123 movies