Frukostmøte 13.oktober Stordpakken og lærebedrifter

(24.10.2016) Det var god oppslutning og engasjement når me inviterte til presentasjon av Stordpakken som er under planlegging. I tillegg fekk dei rundt 40 frammøtte presentert muligheiten for å verta lærebedrift.
Prosjektleiar Ove Kvalnes presenterte det pågåande arbeidet med Stordpakken.
Det er totalt 1 milliard som er tenkt finansiert gjennom Stordpakken over 15 år. I dette ligg ulike prosjekt som;Miljøgate Vabakkjen-Ådland bru, Litlabøvegen, Sagvågsvegen, ny veg Tysevegen - Åsskogen, Øvre Sæ, Sykkelstamveg og Sykkelbyprosjekt.

Det vert drøfta fleire alternativ for kor mange bommar/soner Stordpakken skal delast inn i, og dette vil influera på kven det er som må betale.
Prinsipp om nytteverdi og rettferdighet skal leggast til grunn. 
Generelt veit ein at bompengar gjer 20% avvising av trafikk.
Fleire frammøtte på frukostmøte var redd ein bompengering rundt Leirvik ville vera skadeleg for sentrum, og konkurransevridande.
Det vart også tatt til orde for å finna andre måtar å finansiera prosjektene på, eksempelvis gjennom ein øremerka skatt/avgift. Dette ville spare kostnadene på innkrevjing av pengane, og det ville heller ikkje gje den negative effekten med 20% avvising av trafikk.
Du kan laste ned presentasjoenn Stordpakken her.
Ny E39 vil også ha bompengefinansiering.

Frå Hordaland fylkeskommune si opplæringsavdeling presenterte leiar for fagopplæringskontoret på Stord, Ragnhild Ravna Skjærvik muligheitene for å verta lærebedrift, og mange av dei ulike fagene me kvar einaste dag kjem i kontakt med. Her vart det knytt gode og viktige kontakar for å skaffa nye lærebedrifter. Presentasjonen til Ragnhild Ravna Skjærvik kan du laste ned her.
[ Gå til nyhendeoversikt ]

[ Gå til nyhendearkiv ]
123 movies