Kværner sitt frukostmøte 23.februar gav positiv stemning!

(01.03.2017) Steinar Røgenes, direktøren på Kværner, skapte god stemning og spredte positive signal frå ei verksemd som kontinuerleg har fokus på forbetringar og kostnadseffektivisering.

Kostnadsreduksjonar på opp mot 25% har ikkje komt av seg sjølv sa Røgenes, og han rosar dei tilsette, tillitsmannsapparatet og samarbeidspartnarar for å jobba saman om å finna løysingar.

Frå våren og sommaren 2017 vil igjen mykje av arbeidet til Kværner skje på Stord. Utstyrs- og boligplattformen til Johan Sverdrup er i rute, avgjerda om oppgradering av Njordplattformen vert teken i vår, og Røgenes er optimistisk på Kværner sine vegne. Aasta Hansteen kjem til Stord til sommaren for samanstilling og ferdiggjering, og vil ruva godt igjen i landskapet. Nyhamnaprosjektet, som har vore eit svært viktig prosjekt i fleire år, er no bort i mot 100% ferdig.

Allikevel understreka administrerande direktør Steinar Røgenes at ordrereserven er lågare, og at det fortsatt vert ein kamp framover for å halde oppe konkurransekrafta og å vinna nye kontrakter mot ei framtid i 2020- 2021. Verksemda har stor tru på framtida og satsar på 20 nye lærlingar frå hausten 2017. 
Steinar Røgenes sin presentasjon kan du lasta ned her.
[ Gå til nyhendeoversikt ]

[ Gå til nyhendearkiv ]
123 movies