Sparebanken VestFrontaHaugaland KraftKværner

Stordkonferansen 2017 med rekorddeltaking!

Debatten, frå venstre: Marius Rasmussen Young Realisers Kværner, Arnhild Myklebust Nettverk U37, Katrine Haram Olsen Den Nye Oljen, Kjersti Haugland DNB, Damian Marszalek Stord vidareg., Jan Arve Haugan Kværner, Torger Rød Statoil

(12.06.2017) Stordkonferansen 2017 samla 155 deltakarar på Stord Hotell den 7. juni. Med tema Bærekraft + Konkurransekraft = Sant vart fokus sett på framtida for norsk sokkel, samarbeid som premiss for konkurransekraft,  og nye marknader for leverandørindustrien.
Til Stordkonferansen var også invitert med 16 elevar frå Stord vidaregåande skule. Dei hadde jobba med tema 50 nye år på norsk sokkel og hadde førebudd spørsmåla til debatten, i samarbeid med Nettverk U37 og Young Realisers frå Kværner.
Katrine Haram Olsen frå #Den Nye Oljen la ikkje skjul på at bransjen har ei utfordring med å nå dei unge.
Katrine Haram Olsen frå #Den Nye Oljen la ikkje skjul på at bransjen har ei utfordring med å nå dei unge.
Kjersti Haugland frå DNB ser optimistisk på utviklinga oljeprisen, men trur at næringslivet har lært av oljekrisa og at ein vil sjå moderasjon i lønnsveksten også framover.
Kjersti Haugland frå DNB ser optimistisk på utviklinga oljeprisen, men trur at næringslivet har lært av oljekrisa og at ein vil sjå moderasjon i lønnsveksten også framover.
Torger Rød frå Statoil peika på stor aktivitet framover, ikkje minst på Stord.
Torger Rød frå Statoil peika på stor aktivitet framover, ikkje minst på Stord.
Med stor aktivitet på Stord, ein leverandørindustri som har tatt grep for å verta konkurransedyktig, og verksemder som tenkjer nytt og stort i forhold til nye marknader, låg alt til rette for tema Bærekraft + Konkurransekraft = Sant.

Stordkonferansen 7. juni vart ein særs spennande og flott dag, prega av optimisme og erkjenninga at ein skal bygga vidare på dagens kompetanse også i framtida. Og om Roboten kjem - skal nokon bygga den også!
Foredraga frå Stordkonferansen vert lagt ut på stordkonferansen.no i løpet av veke 24.   

Etter konferansen var det vorspiel på Brygga 11 i regi av Haugaland Kraft og Nettverk U37. God stemning med Kahoot, fingermat og godt i glaset.

Kveldsarrangementet var ombord i MS Sunnhordland, og me la sjølvsagt turen bortom Eldøyane slik at me fekk med oss både vindmøller og Njord Future før båten dreia sørover inn Fjellbergsundet. Om bord vart det servert nydeleg MS Sunnhordland buffé.

Stord Næringsråd takkar alle som deltok på Stordkonferansen 2017, ei stor takk til våre utstillarar og ei ekstra stor takk til Haugaland Kraft som også sto ansvarleg for arrangementet på Brygga 11.

Stordkonferansen 2018 vert torsdag 7. juni på Stord Hotell! Me reknar med at du kjem!
[ Gå til nyhendeoversikt ]

[ Gå til nyhendearkiv ]
DNBTveit RekneskapStordkonferansenZpiritKPMGVikse ASSparebank1iDriftSunnhordland NaturgassSubshore