Næringsprisen 2017 til W. Engelsen Ettf.

Vinnarane: Frå venstre Kristine Aarsand Engelsen, Aslaug Kindem og Bernt Øyvind Vad
Vinnarane: Frå venstre Kristine Aarsand Engelsen, Aslaug Kindem og Bernt Øyvind Vad
(01.11.2017) På Årsfesten til Stord Næringsråd den 26. oktober vart Næringsprisen 2017 delt ut i samarbeid med Sparebanken Vest! 
Næringsprisen 2017
Næringsprisen 2017 "Nabosjakk" av Per Flatøy
Vinnarane saman med dagleg leiar SNR Anne-Grete Sandtorv
Vinnarane saman med dagleg leiar SNR Anne-Grete Sandtorv
I sterk konkurranse med Zpirit og Brilleriet var det W. Engelsen Ettf. v/ Kristine Aarsand Engelsen som vann Næringsprisen 2017.

Næringsprisen 2017 er tildelt W. Engelsen Ettf. v/Kristine Aarsand Engelsen

med følgjande grunngjeving;

W. Engelsen Ettf. er ein aktør som gjennom meir enn 100 år har bygd opp og drive eit selskap med utgangspunkt i Stord.

Dei har hatt evne til å omstilla seg til nye tider, og har sikra seg arbeid i heile Sunnhordland og på Haugalandet.

Gjennom byggjeverksemd og totalentreprisar har dei sett sitt preg på mykje av utviklinga på Leirvik og sett varige spor etter seg i regionen.

Eigarane og drivarane av selskapet har vore opptekne av å ta inn lærlingar og byggje opp kompetanse hjå sine tilsette. Dette har gitt dei gode tilsette som framsnakkar selskapet. Selskapet er konkurransedyktig og framstår som solid, med ein god ordrereserve.
-------------------------------

Stord Næringsråd gratulerer.  Næringsprisen var i år et maleri av Per Flatøy kalt "Nabosjakk". Under årsfesten framførte Arne Torget eit flott dikt til Nabosjakken, og dette vil me gjerne dele.  Du kan lasta ned diktet her.

[ Gå til nyhendeoversikt ]

[ Gå til nyhendearkiv ]
123 movies