Hordfast betyr betre mobilitet på Vestlandet!

Dagleg leiar Hordfast AS, Øyvind Halleraker
Dagleg leiar Hordfast AS, Øyvind Halleraker
(27.01.2018) Det var fullt hus på frukostmøte 24.januar då pådrivar selskapet Hordfast AS var på vitjing.
Sigbjørn Framnes og Knut Vika
Sigbjørn Framnes og Knut Vika "Herifrå"
Dagleg leiar for Hordfast AS, Øyvind Halleraker gjekk gjennom status for Hordfast både i forhold til NTP og framdrift endeleg traseval. Han understreka kor viktig det vert å stå samla i regionen når endeleg val av trasè over Langenuen er tatt, slik at prosjekt andre stader ikkje kjem foran oss i køen.
Hordfast vil binda Vestlandet saman til ein lenka bu- og arbeidsmarknad, og skapa mobilitet og konkurransekraft til næringslivet.
Hordfast AS si oppgåve som pådrivarselskap vert å forsera prosjektet, slik at bygging av Hordfast kan starta opp i 2021-2022. Last ned presentasjonen til Øyvind Halleraker her.

På tampen av frukostmøte fekk me presentert "Herifrå" dagane av Sigbjørn Framnes og Knut Vika. "Herifrå" 2017 vart ein suksess og alt ligg til rette for at det vert gjentaging første helga i oktober 2018. Sjå presentasjonen av "Herifrå" her.
[ Gå til nyhendeoversikt ]

[ Gå til nyhendearkiv ]
123 movies