03.10.2019, 08:00-09:30:
Frukostmøte - Kommuneplan 2020-2040
KværnerHaugaland KraftSparebanken Vest

Rekorddeltaking på PS frukostmøte med Sparebanken Vest 13. februar!

(14.02.2019) Det var 140 påmeldte til frukostmøte PS i samarbeid med Sparebanken Vest. Tema Tid for endring - behov for å styrka di indremedisinske verktøykasse?
Lege og professor Ingvard Wilhelmsen
Lege og professor Ingvard Wilhelmsen

Det årlege frukostmøte med Sparebanken Vest vart ein suksess, med rekorddeltaking og flotte foredrag. 
Tema; Tid for endring - behov for å styrka di indremedisinske verktøykasse gav innblikk i korleis dei globale indikatorane påverkar vårt eige næringsliv, og rente- og valutameklar Remy Bilsback i Sparebanken Vest tok oss gjennom ei optimistisk reise om norsk økonomi og størrelsen på investeringane norsk sokkel. Tore Hillestad, dr. oecon og programdirektør ved NHH presenterte korleis organisasjonskultur påverkar innovasjon og omstilling. Han peika på korleis eit trygt "psykologiske klima" skapar grunnlag for endring, avlæring og utvikling for ein organisasjon. Lege og professor Ingvard Wilhelmsen var nok høgdepunktet på frukostmøtet med sitt foredrag "Sjef i eige liv".  Korleis me som enkeltpersonar handterer usikkerheit, risiko og omstilling, er noko den enkelte må vera bevisst på og jobba med. Vår eigen haldning til ting me ikkje kan gjera noko med handlar om ta ansvar og vera sjef i eige liv. Bodskapen til Wilhelmsen var; Velg haldningar som er nyttige for deg!
[ Gå til nyhendeoversikt ]

[ Gå til nyhendearkiv ]
DNBTveit RekneskapStordkonferansenZpiritKPMGVikse ASSparebank1Serit iDriftFrontaSunnhordland NaturgassSubshoreAzets