03.10.2019, 08:00-09:30:
Frukostmøte - Kommuneplan 2020-2040
KværnerHaugaland KraftSparebanken Vest

Trygge leiarar gjer lågare sjukefråvær!

Over 50 frammøtte fekk med seg ein god frukost og interessant tema.
Over 50 frammøtte fekk med seg ein god frukost og interessant tema.
(29.08.2019) Frukostmøte med samarbeidspartnar Azets Insight samla fulle hus i kantina Kunnskapshuset. Tema sjukefråvær engasjerer og er viktig for arbeidsgjevar å ha fokus på, både i forhold til kostnadar, men ikkje minst i forhold til trivsel og kultur på arbeidsplassen.
Seniorrådgjevar Marit Vistekleiven i Azets Advisory sitt HR-team.
Seniorrådgjevar Marit Vistekleiven i Azets Advisory sitt HR-team.
Karina Hope Sortland, leiar av Azetskontoret i Sunnhordland.
Karina Hope Sortland, leiar av Azetskontoret i Sunnhordland.
Avdelingsleiar Karina Hope Sortland presenterte Azets Insight, som har sitt utspring i frå Visma. Azets Insight har 52 kontor i Norge og er litt over 1000 tilsette. På Bømlo, som er lokasjon for kontoret i Sunnhordland, er det 9 tilsette.

Seniorrådgjevar i Azets Advisory sitt HR-team Marit Vistekleiven tok oss gjennom ein spanade presentasjon med fokus på sjukefråvær. Å fokusera på nærværsårsaker i staden for fråværsårsaker, vil bidra til å skapa ein open kultur for å snakka om sjukefråvær og vera i forkant av situasjonar som kan oppstå. 
Presentasjonen var tydeleg på kva som er arbeidsgjevar sitt ansvar overfor dei tilsette, men også på kor det økonomiske ansvaret ligg i forhold til lovverket. Her var mykje nyttig informasjon, og konkrete forslag til korleis ha god dialog mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. 
Du kan laste ned presentasjonen her.
[ Gå til nyhendeoversikt ]

[ Gå til nyhendearkiv ]
DNBTveit RekneskapStordkonferansenZpiritKPMGVikse ASSparebank1Serit iDriftFrontaSunnhordland NaturgassSubshoreAzets