25.03.2020, 08:00-10:30:
Frukostmøte med Sparebanken Vest
Påmelding her
KværnerHaugaland KraftSparebanken Vest

Status pågåande og framtidige prosjekt i Kværner!

Fungerande verftsdirektør Terje Johansen.
Fungerande verftsdirektør Terje Johansen.
(11.11.2019) Det var god oppslutnad om frukostmøte i samarbeid med Kværner den 7. november, då fungerande verftsdirektørTerje Johansen orientert om aktiviteten og nye satsingsområde i verksemda.
God oppslutnad om frukostmøte saman med Kværner.
God oppslutnad om frukostmøte saman med Kværner.
FPSO Johan Castberg er eit komplekst prosjekt som involverer mange verksemder i inn- og utland.
FPSO Johan Castberg er eit komplekst prosjekt som involverer mange verksemder i inn- og utland.
Offshore wind er ein stor framtidig marknad, som Kværner vil ta sin del av.
Offshore wind er ein stor framtidig marknad, som Kværner vil ta sin del av.

Det er store endringar innan offshore olje- og gassmarknaden, sjølv om det pr i dag er stor aktivitet med heile 5100 i rotasjon i prosjektene på Stord.  Kværner sine oppdaterte strategiar, som vart lagt fram 16. september, omfattar derfor nye og utvida marknader innan decommissioning, FPSO'ar og offshore wind.

Satsinga og tilrettelegging for FPSO kontrakter vart presentert av prosjektleiar Heine Haktorsen. Med den nye kaien, og det utvida område vert det ein "FPSO fabrikk", og Kværner tek sikte mot tre store kontrakter som ligg i løypa etter Johan Castberg.

Leiar for forretningsutvikling på fornybar-området, Niklas Indrevær, presenterte Offshore Wind marknaden, og kontrakten på 1,5 milliarder som Kværner fekk tildelt i slutten av oktober i år. Offshore Wind er ein stor og veksande marknad etter kvart som kostnadene no har gått ned.  Kværner kan ta ein stor del av denne marknaden basert på den kompetansen ein har frå offshore Olje- og gassmarknaden. Tildelinga på Hywind Tampen med ein verdi på 1,5 milliarder, inneber produksjon av understell og samanstilling. Heilskapleg tankegang innan vindmaknaden, med EPCI-tankegang, vil bidra til å redusera tid og kostnader. I tillegg vert det marine operasjonar i samarbeid med DOF Subsea.

[ Gå til nyhendeoversikt ]

[ Gå til nyhendearkiv ]
DNBTveit RekneskapStordkonferansenZpiritKPMGVikse ASSparebank1BDOSerit iDriftFrontaSunnhordland NaturgassSubshoreAzets