17.04.2020, 10:00-15:00:
Det nye Vestlandet

Korleis vert Vestlandet endra når me kan reisa Bergen - Stavanger på to timar?

Påmelding her  Møtet er flytta til hausten 2020 grunna koronasituasjonen.  Ny dato kjem.
KværnerHaugaland KraftSparebanken Vest

Miniseminaret på Utdanningsmessa 22.januar 2020

Frå venstre Nina Østensjø, Jane Jünger, Helge Harkestad, Jonatan Gniste og Trond Haga
Frå venstre Nina Østensjø, Jane Jünger, Helge Harkestad, Jonatan Gniste og Trond Haga
(23.01.2020) Det var god oppslutning på miniseminaret under utdanningsmessa med heile 34 deltakarar. Gode presentasjonar, som syner behovet for tett samarbeid skule - arbeidsliv!
Publikum
Publikum

Samarbeid Skule - Arbeidsliv ved Nina Østensjø i Atheno og Anne-Grete Sandtorv i Stord Næringsråd inviterte til miniseminar for 11 gong på Utdanningsmessa, og sette nye læreplanar i skulen på agendaen. Johatan Gniste - ny leiar i Utdanningsforbundet presenterte det nye i læreplanane, og Helge Harkestad, ass rektor ved Rubbestadneset vidaregåande skule, presenterte endringane for vidaregående trinn.

Frå industrien hadde me invitert med Wärtsilä Norway ved Jane Jünger og Trond Haga i Kværner for å synleggjera kva type kompetanse som er viktig for dei store bedriftene framover.

Avslutningsvis var det debatt med høve til å stilla spørsmål også frå publikum.

Presentasjonane kan du lasta ned her
Johatan Gniste
Helge Harkestad
Jane Jünger
Trond Haga
[ Gå til nyhendeoversikt ]

[ Gå til nyhendearkiv ]
DNBTveit RekneskapStordkonferansenZpiritKPMGVikse ASSparebank1BDOSerit iDriftFrontaSunnhordland NaturgassSubshoreAzets