KværnerHaugaland KraftSparebanken Vest

Stort framskritt for Stord Folkehøgskule

Geir Angeltveit foran lokala som kan verta Stord Folkehøgskule
Geir Angeltveit foran lokala som kan verta Stord Folkehøgskule
(22.08.2020)

Denne veka har det vore fleire store milepæler for Stord Folkehøgskule.

 

Rett over nyttår 2018 kom Geir Angeltveit med ein idé om å starte folkehøgskule på Stord. Sidan då har han me vore vitne til eit prosjekt som har vekse i omfang og aktualitet år for år. Stord Folkehøgskule skal vere ein entreprenørskap-folkehøgskule, og tilby elever og lokalsamfunn eit rikt mangfald av linjer.

 

Denne veka kunne Angeltveit annonsere stillinga som den første rektor ved Stord Folkehøgskule.

 

Deretter fekk han anledning til å vise fram skulen sine endelege lokaler. Som vert å bli lokalisert i dagens Grand Hotell i Leirvik sentrum. Hotellet kjem under ny eigarar og skal gjennomgå eit omfattande oppussingsarbeid.

 

Parallellt med rektor-utlysing og lokalisering i Leirvik, har det også pågått ein prosess med å utvide eigarskapet til folkehøgskulen. I dag er skulen eigd av Atheno Prosjektutvikling AS, som no har invitert Stord kommune til å bli ein medeigar, med ein aksjepost på 33%.

 

Me ønskjer Stord Folkehøgskule mykje lykke til med arbeidet sitt og gleder oss til å sjå skulen stå klar til skulestart august 2021.

[ Gå til nyhendeoversikt ]

[ Gå til nyhendearkiv ]
DNBTveit RekneskapStordkonferansenZpiritKPMGVikse ASSparebank1BDOSerit iDriftFrontaSunnhordland NaturgassSubshoreAzets