30.09.2021, 08:00-09:30:
Frukostmøte med Azets Insight
Fjernledelse i en digital kvardag. Påmelding
07.10.2021, 08:00-10:00:
Frukostmøte med BDO

Påmelding her

Næringsprisen 2020 til Brilleriet

Arnhild Myklebust omkransa av Anne-Grete Sandtorv, Svein Ottesen Sparebanken Vest og Arne Torget
Arnhild Myklebust omkransa av Anne-Grete Sandtorv, Svein Ottesen Sparebanken Vest og Arne Torget
(25.10.2020) På Næringslivslunsjen 23.oktober var det skikkelig prisdryss. Handlekraftprisen gjekk til Atheno, Nykommarprisen gjekk til Skjærgårdservice og den gjevaste av alle prisar - Næringsprisen 2020 gjekk til Brilleriet ved Arnhild Myklebust
Astrid Kjellevold omkransa av Anne-Grete Sandtorv og Svein Ottesen
Astrid Kjellevold omkransa av Anne-Grete Sandtorv og Svein Ottesen
Åge Valdal-Østensen og Øystein Østensen i Skjærgårdservice AS omkransa av Svein Ottesen, Astrid Kjellevold og Anne-Grete Sandtorv
Åge Valdal-Østensen og Øystein Østensen i Skjærgårdservice AS omkransa av Svein Ottesen, Astrid Kjellevold og Anne-Grete Sandtorv
Haakon Steinar Vatle og Statsraad Lehmkuhl
Haakon Steinar Vatle og Statsraad Lehmkuhl

Me gratulerer Arnhild Myklebust og Brilleriet med Næringsprisen 2020. Her er grunngjevinga;

Brilleriet har satsa på eige konsept, og har på kort tid blitt ein eigen merkevare i konkurranse med kjedeverksemder. Med positiv energi, god kundeservice og stort engasjement for sentrum, er Brilleriet blitt ein viktig aktør i næringslivet på Stord. Som arbeidsgjevar har Arnhild Myklebust gått nye vegar og innført 6 timars arbeidsdag med 100% løn.  Brilleriet har no to butikker - på Heiane og i Lerivik sentrum, og begge leverer gode resultat.

Handlekraftprisen 2020 vart delt ut for første gong og er også i samarbeid med Sparebanken Vest. Handlekratprisen skal gå til ei verksemd, som i den særs krevjande situasjonen som oppstod etter 12.mars, evna å snu seg rundt og ta tak i moglegheiter for verksemda si. Verksemda skal vera medlem i Stord Næringsråd.
Handlekraftprisen gjekk til Atheno ved Astrid Kjellevold som snudde seg fort rundt, la andre arbeidoppgåver til side og samla informasjon, skaffa ressurspersonar og delte på ulike medier nyttig informasjon, arrangerte teamsseminar, og gjorde ein viktig jobb for det lokale og regionale næringlivet. Det å ha handlekraft i ein krisesituasjon er avgjerande viktig for ei verkssemd - Handlekraft er godt leiarskap! 

Den siste prisen som vart delt ut på næringslivslunsjen er også ein ny.  Nykommarprisen er eit samarbeid mellom Atheno og Stord Næringsråd og skal gå til ei ung verksemd, som på kort tiid har klart å verta synleg i marknaden. Verksemda får automatisk gratis medlemskap i Stord Næringsråd.

Vinnaren av Nykommarprisen 2020 vart Skjærgårdservice AS, ei verksemd som har tatt eit viktig samfunnsansvar og gjort dette til næringsverksemd. Dei samlar plast i strandsona til næringseigedommar i regionen vår.  Dette er berekraftig næringsutvikling i praksis. Skjærgårdservice AS er eigd og vert driven av brørne Åge Valdal-Østensen og Øystein Østensen.


I tillegg til prisdryss over dyktige næringslivsfolk var Næringslivslunsjen 23.oktober ein markering av havet si betyding for oss og miljøet vårt.


Haakon Steinar Vatle, adm dirketør for Statsraad Lehmkuhl hadde eit fantastsik inspirerande og imponerande foredrag om den kommande jordomseilinga til den flotte seglskuta. Starten går frå Arendal i august 2021 og besøker heile 36 hamner før den kjem heim til Bergen 19 månader seinare. "The One Ocean Expedition" vert ei fantastisk reise med forkning, og innhenting av data om havet og livet i havet. Me gler oss til å følga denne reisa og me ønskjer masse lykke til på turen!

Stuntpoet Arne Torget leia oss gjennom dagen på ein imponerande og alltid underhaldande måte.

[ Gå til nyhendeoversikt ]

[ Gå til nyhendearkiv ]
123 movies