30.09.2021, 08:00-09:30:
Frukostmøte med Azets Insight
Fjernledelse i en digital kvardag. Påmelding
07.10.2021, 08:00-10:00:
Frukostmøte med BDO

Påmelding her

Nominér din kandidat til Folk i Sentrum Prisen!

(07.05.2021) I samarbeid med DNB vil Stord Næringsråd for andre gong dela ut Folk i sentrum Prisen, og me inviterer deg til å nominera din kandidat.
Folk i sentrum Prisen 2019
Folk i sentrum Prisen 2019
Logo Folk i sentrum arrangementet
Logo Folk i sentrum arrangementet

Prisen skal gå til ein enkeltperson som gjennom arbeidet sitt har bidrege til å gjer ein forskjell for miljøet.

Berekraft handlar i kvardagen om å ta medvetne val - som enkeltperson og som del av ein organisasjon eller eit samfunn. I verksemder og organisasjonar kan ein ha strategiar for samfunnsansvar og berekraft, men til sjuande og sist er det enkeltpersonar sine handlingar som utgjer ein forskjell. I 2019 gjekk prisen til Svein Olav B Langåker for sitt arbeid i Framtida.no og Framtida junior. Svein Olav har eit personleg klimaengasjement og er mellom anna vaksenkontakt for Miljøagentane på Stord.

Meir informasjon om tanken bak og kriterier for Folk i sentrum Prisen, kan du laste ned her

Frist for nominering er 3.september til post@stordnaeringsraad.no

Folk i sentrum arrangementet vert i år på hausten, og helga 23.-26.september inviterer me igjen til folkefest i sentrum. Stord Næringsråd vil for andre gong dele ut «Folk i sentrum prisen» i samarbeid med DNB. Utdelinga vert del av Folkehelseforum på Arena torsdag 23.september, kor matsvinn, berekraft og sparing vert tema.

[ Gå til nyhendeoversikt ]

[ Gå til nyhendearkiv ]
123 movies