Godt engasjement på frukostmøte med BDO 7.oktober

FN sine 17 berekraftsmål er ein viktig overordna premiss for forretningsmoglegheitene framover.
FN sine 17 berekraftsmål er ein viktig overordna premiss for forretningsmoglegheitene framover.
(08.10.2021) Det var berekraftitg utvikling og moglegheitene til å skapa forretning som var tema då me saman med BDO samla i underkant av femti deltakarar til frukostmøte på Stord Hotell.
Håkon Dalland og Tina-Irene Luggenes Amundsen frå BDO, tok oss gjennom kva berekraftsbegrepet betyr på eit globalt nivå, og korleis den enkelte virksomhet må jobba med dette i sin forretningsutvikling.
Krav frå finansinstitusjonar, krav om dokumentasjon og ikkje minst synleggjering av kva bedriftene gjer i forhold til ei berekraftig utvikling, vert viktig å ha bevisstheit rundt mellom anna i forhold til å trekka til seg nok og rett kompetanse i framtida.
Godt engasjement frå salen kor mellom anna ordførar Gaute Epland fortalte korleis ein i Stord kommune har starta arbeidet mot Nullutslepp 2030.

Presentasjonen til BDO kan du lasta ned her
[ Gå til nyhendeoversikt ]

[ Gå til nyhendearkiv ]
123 movies