12.12.2019, 08:00-10:00:
Frukostmøte - Ka bala du med?
Påmelding her
KværnerHaugaland KraftSparebanken Vest

Vedtekter for Stord Næringsråd




§1 NAMN
Namnet til foreininga skal vera Stord Næringsråd.

§2 FOREININGA
Foreininga er ein frittståande interesseorganisasjon som skal arbeida på næringslivet sine vilkår for å fremja handel, service, handverk, industri og reiseliv (heretter kalla næringsliv).Medlemsskap er ope for bedrifter, sjølvstendig næringsdrivande, kommunale og offentlege verksemder. Lag, privatpersonar og organisasjonar kan og vera medlem.

§3 FØREMÅL
Foreininga skal fremja utvikling av næringslivet, reiselivet og andre aktuelle samfunnsoppgåver som har verde for sysselsetjinga på Stord.

§4 ORGANISASJON

Næringsrådet sine styrande organ er: 4a Årsmøtet 4b Hovudstyret 4c Undergrupper

§4a ÅRSMØTET

Årsmøtet er næringsrådet sitt høgste mynde. Årsmøtet skal haldast innan utgangen av mars kvart år. Driftsåret fylgjer vanleg rekneskapsår 01.01. – 31.12.Årsmøtet skal kallast inn med 4 –fire- vekers varsel. Framlegg om endring av vedtektene skal følgja innkallinga. Sakliste, årsmelding, rekneskap/budsjett og andre saksdokument skal sendast medlemmene seinast 1 -ei- veke før årsmøtet. Årsmøtet skal handsama desse sakene:1. Styret si årsmelding2. Rekneskapen for året3. Budsjett og kontingent for kommande år4. Låneopptak5. Val av formann og styremedlemmer6. Val av varamedlemmer7. Val av revisorar8. Val av valnemnd9. Vedtektsendringar10. Andre saker som er nemnde i innkallinga. Kvart medlem har rett til ein representant til årsmøtet og kvar representant har ei stemme. Gruppemedlemmer har ei stemme på vegne av heile gruppa.

§4b STYRET
Styret skal vera på 5 - 7 personar frå medlemsmassen, og skal setjast saman slik:- styreleiar, vald av årsmøtet- 4 - 6 styremedlemmer valde av årsmøtet- 2 varamedlemmer valde av årsmøtet. Som medlem har Stord kommune rett til å oppnemna ein observatør til styret. Styret konstituerer seg sjølv ved å velja nestleiar og eitt styremedlem som representant til dei faggruppene Stord Næringsråd til ei kvar tid har. Styremedlemmer si funksjonstid er 2 år, der 2 av medlemmene og styreleiar står på val kvart år. Styret er vedtaksført når leiar eller nestleiar og 2 andre styremedlemmer er tilstades. Ved stemmelikskap er leiaren si stemme avgjerande. Styret er ansvarleg for verksemda. Styret tilsett/engasjerer personale og avgjer kjøp av administrative tenester. Styret/administrasjon skal kalla inn til minst eit medlemsmøte/frukostmøte i tillegg til årsmøtet. Styret/administrasjon er ansvarleg for at informasjon til medlemmer vert ivareteke.

§4c UNDERGRUPPER
Styret skal til ei kvar tid organisera arbeidet i Stord Næringsråd slik at alle næringsinteresser vert ivaretekne. Styret skal difor oppnemna så mange undergrupper som ein finn naturleg.

§5 VALNEMND
Valnemnda skal ha 3 medlemmer. Valnemnda gjer framlegg om leiar, og koordinerer framlegg frå undergruppene. Styret gjer framlegg om valnemnd, funksjonstida er 1 -eitt- år.

§6 KONTINGENT
Til dekning av foreininga sine utgifter svarar kvart medlem kontingent som vert fastsett av årsmøtet etter forslag frå styret. Medlemmer som har restanse av kontingent ut over eit år, vil mista medlemskapen

§7 EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE
Styret kan kalla inn til ekstraordinært årsmøte. Ekstraordinært årsmøte kan også kallast inn når minst 10% av medlemmene krev dette. Fristen for innkalling er 14 dagar.

§8 UTMELDING
Utmelding skal sendast skriftleg til styret innan 6 månader før nytt driftsår.

§9 PROTOKOLLAR
Det skal førast protokoll frå årsmøte og styremøte.

§10 VEDTEKTSENDRINGAR
Årsmøtet kan gjera endringar i vedtektene. Vedtaket må ha 2/3 fleirtal frå dei frammøtte representantane for å vera gjeldande. Dersom andre enn styret vil koma med framlegg om vedtektsendringar må dette gjerast skriftleg til styret innan 01. januar det året årsmøtet skal haldast.

§11 OPPLØYSING
Avgjer om oppløysing vert treft av årsmøtet og ekstraordinært årsmøte med minst 2 -to- vekers mellomrom. Avstemming skal vera etter reglane under §10.
DNBTveit RekneskapStordkonferansenZpiritKPMGVikse ASSparebank1Serit iDriftFrontaSunnhordland NaturgassSubshoreAzets