12.12.2019, 08:00-10:00:
Frukostmøte - Ka bala du med?
Påmelding her
KværnerHaugaland KraftSparebanken Vest

Historia til Stord Næringsråd



Stord Næringsråd sin historie går heile 100 år tilbake i tid, då Indre Sønhordlandske Landhanderforening vart stifta 26.juni 1911.
Foreninga skifta namn fleire gonger – 1919 Leirvik Handelssamfund – 1931 Stord Købmannsforening – 1952 Stord Handelsforening .
Den 25. mai 1991 vart Stord Næringsråd etablert gjennom ei samanslåing av Stord/Fitjar Reiselivslag og Stord Handelsforening.

Stord Næringsråd markerte 100 års jubileet i 2011, og gjennom heile året fekk verksemder av ulik storleik og frå ulike bransjar presentert seg under jubileumslogoen i Bladet Sunnhordland. Presentasjonane vart samla i ei eigen jubileumsavis til festen den 1. oktober. Her vart også dei nominerte til Jubileumsprisen presentert.

På Jubileumsfesten den 1. oktober, som vart ein flott finale for feiringa av 100-åringen. vart Jubileumsprisen delt ut i samarbeid med hovudsamarbeidspartnar Sparebanken Vest. Det var Leirvik Dampbakeri som fekk Jubileumsprisen, som besto i eit maleri av Per Flatøy og kr: 10.000,-

Her er juryen si grunngjeving for at Leirvik Dampbakeri vart tildelt prisen: ”Vinnaren av Jubileumsprisen har drive verksemd på Stord i nærmare 90 år. Det er ei familieverksemd som har hatt evna til å tilpassa seg nye tider i ein bransje i stor utvikling. Med kundar langt ut over kommunegrensa har verksemda vore med å sikra, og auka talet arbeidsplassar på Stord. I tillegg har familieverksemda etablert andre verksemder og hatt ei viktig rolle i utviklinga av næringsstrukturen i kommunen. Vinnaren er medlem av Stord Næringsråd.”
DNBTveit RekneskapStordkonferansenZpiritKPMGVikse ASSparebank1Serit iDriftFrontaSunnhordland NaturgassSubshoreAzets