25.10.2019, 18:30:
Årsfest 2019
Me slår på STORtromma og inviterer til Årsfest!
Program og bindande påmelding her
07.11.2019, 08:00-10:30:
Frukostmøte med Kværner!
Påmelding her
KværnerHaugaland KraftSparebanken Vest

Samferdsle




Arbeid med samferdsleprosjekt er ei viktig næringspolitisk oppgåve. Næringslivet er avhengig av god infrastruktur som veg, ferjesamband, snøggbåtsamband og flyplass.
Som høyringsinstans vil me vera med i prosessane opp mot Kommuneplanar, Regional Transportplan Hordaland og Nasjonal Transportplan.
Her er nokre av sakene me har jobba med;

Høyringsuttale Næringsalliansen Ferjefri Kysstamveg KVU E39 

Næringsalliansen har i alliansemøte 26.oktober 2011 gitt felles høyringsuttale til KVU Ferjefri Kysstamveg E39 Aksdal - Bergen og KVU for transportsystemet i Bergensområdet. Last ned høyringsuttalen KVU E 39 her.

Høyringsuttale frå SNR Ferjefri Kyststamveg

Stord Næringsråd har i styremøte 18. oktober vedtatt høyringsuttale for Ferjefri kyststamveg KVU E39 Aksdal - Bergen

I uttalen heiter det;

Det er brei semje om at ferjefri kyststamveg er den viktigaste overordna samferdslesaka for næringslivet, og den vidare utviklinga av regionen og Vestlandet. I tillegg kjem tilgang på kompetanse, og då spesielt ingeniørkompetanse, som vil verta avgjerande for at verksemdene skal ekspandera og utvikla seg. Samferdsle og tilgang på kompetanse heng nøye saman, og ein ferjefri kysstamveg vil utløysa moglegheiter for tettare bu- og arbeidsmarknad på Vestlandet. SNR har i mange år jobba med denne viktige samferdslesaka, og det er et utolmodig næringsliv me no talar på vegne av.

Ferjefri kyststamveg må komma raskt og vera ferjefri frå dag ein.
Desse to kriteria er dei viktigaste for næringslivet når det skal veljast trase for ferjefri kyststamveg E39 Aksdal – Bergen.

Me ønskjer at dei to alternativa, K4C og K5B skal utgreiast, for å kvalitetssikra økonomiske og teknologiske løysingar. SNR presiserer at K4C ikkje er aktuell som ein etappevis utbygging.

Me føreset at prosessen med å jobba vidare med to alternativ, ikkje inneber forsenking, men at ein når KS1 i 2012, slik det ligg i planen.

Det må vidare ikkje såast tvil om kor viktig denne delen av ferjefri kysstamveg er for næringslivet, og at den må inn i NTP 2014 – 2023. Oppstart må skje i planperioden.

Dei målsetningane og den framdriftsplanen som ligg i KVUE39 Aksdal – Bergen, er etter Stord Næringsråd si meining for lite ambisiøs. Me ønskjer å komma ferjefritt til Bergen innan 2025.

Du kan lasta ned brevet til Statens vegvesen her
DNBTveit RekneskapStordkonferansenZpiritKPMGVikse ASSparebank1Serit iDriftFrontaSunnhordland NaturgassSubshoreAzets