29.08.2019, 08:00-09:30:
Frukostmøte med Azets - fokus på sjukefråvær
Program og påmelding her
03.10.2019, 08:00-09:30:
Frukostmøte - Kommuneplan 2020-2040
KværnerHaugaland KraftSparebanken Vest

Ressursgruppa Nettverk U37




Ressurgruppa Nettverk U37 vart skipa i januar 2014, og det er Arnhild Myklebust som er leiar og kontaktperson inn i styret.

Nettverk U37 skal vera ein nettverksarena for unge i næringslivet som vil skapa sine eige møteplassar, i regi av Stord Næringsråd.

Visjon
Nettverk U37 har som visjon å gjera Stord til ein meir interessant og engasjerande arena for unge i næringslivet.

Mål
Skapa ein møteplass for aktive, samfunns- og næringslivsinteresserte på Stord der dei kan få fagleg påfyll, knytte kontaktar og byggje relasjonar.  Her skal unge i næringslivet kunna møtast på tvers av fag og bransjar, noko som vil gje overføringsverdi mellom bransjar, og gje moglegheit for å dela kunnskap. Ressursgruppa Nettverk U37 skal legga til rette for møter og arrangement for faglig og sosialt påfyll med fokus på leiing og nettverksbygging. Ressurgruppa skal i tillegg fungera som eit telerøyr til Stord Næringsråd, og på denne måten ha moglegheit til å påverka utviklinga i næringslivet på Stord.
Nettverk U37 skal nominera eigne kandidatar frå Stord til den nasjonale konkurransen "Årets unge leiar", og  med dette synleggjera kompetansen i det miljøet som eksisterer på Stord.

Nettverk U37 er meint for leiarar og ressurspersonar på Stord under 37 år, og skal styrast av ei gruppe på inntil 8 personar frå ulike bransjar. Utskriftning skjer ved fylte 38 år, og resterande gruppemedlemmer skal då foreslå ny kandidat, som skal veljast av gruppa.

Desse er med i styringsgruppa for Nettverk U37
    • Simen Løland Aarskog - Sparebanken Vest
    • Sindre Vikanes - NAV
    • Julianne Sellgren - Advokatkontoret Sunnhordland
    • Rannveig Litlabø - HVL
DNBTveit RekneskapStordkonferansenZpiritKPMGVikse ASSparebank1Serit iDriftFrontaSunnhordland NaturgassSubshoreAzets