03.10.2019, 08:00-09:30:
Frukostmøte - Kommuneplan 2020-2040
KværnerHaugaland KraftSparebanken Vest

Årsmøte




Årsmøtet er næringsrådet sitt høgste mynde. Årsmøtet skal haldast innan utgangen av mars kvart år. Driftsåret fylgjer vanleg rekneskapsår 01.01. – 31.12.

Årsmøtet skal kallast inn med 4 –fire- vekers varsel. Framlegg om endring av vedtektene skal følgja innkallinga. Sakliste, årsmelding, rekneskap/budsjett og andre saksdokument skal sendast medlemmene seinast 1 -ei- veke før årsmøtet.


Årsmøtet skal handsama desse sakene:
  1. Styret si årsmelding.
  2. Rekneskapen for året.
  3. Budsjett og kontingent for kommande år.
  4. Låneopptak.
  5. Val av formann og styremedlemmer.
  6. Val av varamedlemmer.
  7. Val av revisorar.
  8. Val av valnemnd.
  9. Vedtektsendringar.
  10. Andre saker som er nemnde i innkallinga. Kvart medlem har rett til ein representant til årsmøtet og kvar representant har ei stemme. Gruppemedlemmer har ei stemme på vegne av heile gruppa.

Årsmøte for 2018 vart avvikla 28.mars 2019. Du finn årsmeldinga her og referat frå årsmøtet her.

DNBTveit RekneskapStordkonferansenZpiritKPMGVikse ASSparebank1Serit iDriftFrontaSunnhordland NaturgassSubshoreAzets