25.10.2019, 18:30:
Årsfest 2019
Me slår på STORtromma og inviterer til Årsfest!
Program og bindande påmelding her
07.11.2019, 08:00-10:30:
Frukostmøte med Kværner!
Påmelding her
KværnerHaugaland KraftSparebanken Vest
Frukostmøte med Kværner!
Tidspunkt: 07.11.2019, 08:00 - 10:00
Stad: Stord Hotell - Oseberg
Saman med Kværner, som ein av våre tre hovudsamarbeidspartnarar, inviterer me til frukostmøte torsdag 7. november på Stord Hotell.

Kværner presenterte 16. september ein oppdatert strategi med to nye satsingsområde for å auka verksemda både innan olje- og gassprosjekt og i fornybare industriar. Med dei nye satsingsområda FPSO og fornybart, siktar konsernet på rundt 40 prosent vekst innan få år, samanlikna med omsetninga i 2018.

 

Til frukostmøtet kjem fungerande verftsdirektør Terje Johansen for å orientera om den pågåande aktiviteten på verftet. Kværner sin nye konserndirektør for FPSO-satsinga, Guro Løken, vil orientera om satsinga på serieproduksjon av FPSO-ar. Niklas Indrevær, som er leiar for forretningsutvikling på fornybar-området, vil orientera om Kværner si satsing på mellom anna flytande havvind.


Program:

08.00    Frukost

08.30    Velkomen ved Stord Næringsråd

08.40    Status og utsikter på verftet – Terje Johansen

09.00    Kværner si fornybarsatsing – Niklas Indrevær

09.30    FPSO-fabrikken – Guro Løken

10.00    Slutt



Vel møtt til frukostmøte - våre faste møteplass for påfyll og relasjonsbygging!
PÅMELDING TIL ARRANGEMENTET
 
Påmeldingsfrist til dette arrangementet er 07.11.2019.
Kontaktperson:* Firma/organisasjon: Tittel:
E-post:* Telefon:
Antall deltakarar:*
Namn på deltakar(ar):*
DNBTveit RekneskapStordkonferansenZpiritKPMGVikse ASSparebank1Serit iDriftFrontaSunnhordland NaturgassSubshoreAzets