Stagflasjon

BDO sitt bransjeseminar for Bygg- og anleggsbransjen

01.11.2022 | Tekst: Anne-Grete Sandtorv
Det var godt oppmøte då Stord Næringråd saman med BDO inviterte til seminar for Bygg- og anleggsbransjen.
Partner Thomas Lidsheim la fram BDO sin bransjeanalyse som var laga for 5 år på rad. Denne temperaturfølaren for bransjen syner at 2021 vart ein rekyl etter korona-perioden. Begrepet Stagflasjon vart presentert som eit sannsynleg senario framover.  Det tyder at det vert høgare arbeidsløyse, stagnasjon i veksten, samtidig som prisane stig. Du kan laste ned analysen her.

Partnar og advokat Øyvind Hartvigsen la fram openhetsloven, og korleis denne er tenkt å hindre "moderne slavedrift"  Her fekk me også treffa Fred Sherling i Fair Play Bygg, som jobbar med arbeidslivkriminalitet i byggebransjen.

LES FLEIRE NYHENDE