
Eit utvida perspektiv på arbeidsmarknaden - Sunnhordland er i ei særstilling!
Statistikksjefen i NAV; Ulf Andersen hadde eit sært spanande innlegg om den demografiske utviklinga i befolkninga og korleis dette slå ut i arbeidsmarknaden, og ikkje minst kva betyding velferdsgodene i Norge har å sei for utviklinga. Det er i dag ei stor gruppe som står utanfor arbeidsmarknaden, og det må gjerast mange ulike tiltak for at desse skal få ta del i verdiskapinga.
Avslutningsvis var Stord Næringsråd, Bømlo Næringsråd og Kvinnherad Næringsservice på scena for å reflektera rundt dagen og komma med sine innspel til korleis få fatt i kompetent arbeidskraft. Betre kommunikasjoner internt i Sunnhordland, samt med resten av Vestlandet, var i tillegg til å byggja vidare på gode utdanningstilbod lokalt viktige svar.