Ein god frukost før bedriftspresentasjonar

Frukostmøte 12.mai

12.05.2022
God stemning med over 30 deltakarar på frukostmøte under vignett

"Ka bala du med?"


Det er alltid kjekt å få høyra om alt det spanande medlemmene våre "balar med"

Og frukostmøte i Kunnskapshuset den 12.mai var ingen unntak.



Gunn Kristin Saltvik frå Contesto hjelper deg me å halde orden i dokumenta på pc'en. Iteams og Børge Kvamme hjelper deg mellom anna med å sikre alle dataene dine så du ikkje vert utsett for dataangrep, mens Jostein Børtveit og gjengen hans i Winntech er midt i det grøne skifte og utvikler mellom anna kjølesystem som går på CO2. Og avslutningsvis fekk me presentert Print og Ramme av Kristian Nicoll som har ein stab med 5 tilsette som rammer inn kunstverk, og driv me print - eit flott kunsthandverk.



Tusen takk for flotte presentasjonar, og takk til alle som deltok!

LES FLEIRE NYHENDE