logo snr

Høgare omsetnad, men auka kostnader gjer svekka marginar hos mange bedrifter!

31.08.2022 | Tekst: Anne-Grete Sandtorv
I ei undersøking gjort saman med Næringsalliansen Vestland, kjem det fram at ein av tre bedrifter melder om dårlegare eller uforandra resultat samanligna med året før.  Dette skjer samstundes som mange har auke i omsetnaden. 
Det me kan lese ut frå tal som gjeld Stord og Sunnhordlandsregionen er at nær 40% av bedriftene som svarar på undersøkinga, melder at dei vil ha auke i omsetnaden frå 2021 til 2022. Men like mange melder at dei vil ha dårlegare resultat, mens 32% melder at dei vil ha uforandra resultat. Ser ein tilbake på "Normalåret 2019" melder 50% av bedriftene at resultatet vert dårlegare.
Auka kostnader på straum, råvarer og transport slår hardt inn på marginane i næringslivet, og det er all grunn til å rope varsko om situasjonen!

 

LES FLEIRE NYHENDE