julepynt
Frå eit julepynta Stord Hotell

Julehelsing frå Stord Næringsråd

15.12.2022 | Tekst: Anne-Grete Sandtorv
Ei stor takk til alle våre medlemmer for engasjement og god oppslutnad om våre frukostmøter og andre arrangement.
2022 har vore eit hektisk år, kor mange av næringslivet sin rammevilhår har vore i spel, og kor me ser verdien av å stå samla som talerøyr.
 
Ei ekstra takk til våre fira hovudsamarbeidspartnarar som bidreg både økonomisk og fagleg for å skapa gode møteplassar. Næringsprisen 2022 vart tildelt Kattnakken AS, og er eit godt døme på eit flott samarbeid med hovudsamarbeidspartnar Sparebanken Vest. I 2023 kjem Multiconsult inn som ein femte hovudsamarbbeidspartnar, og me ser fram til å utvikle ein tettare relasjon.
Det nye medlemssystemet og nettsida, som me integrerte i sommar, fungerer godt og sparar mykje administrativt arbeid. Med tanke på at ein ny dagleg leiar skal på plass i Stord Næringsråd i løpet av 2023, er det ekstra viktig at det er eit ryddig og godt system på plass.
Første frukostmøte i det nye året vert saman med Azets Insight den 19. januar. Detaljert program kjem på nyåret, men du kan allereie no melde deg på.  Ein anna dato som du kan merke deg, er dato for Stordkonferansen 2023, som er den 8. juni.

Stord Næringsråd tar no juleferie, og er tilbake på plass 2. januar.

Me ønskjer alle ei riktig god jul, og takkar så mykje for året som snart er slutt.

 

LES FLEIRE NYHENDE