Anne-Grete Sandtorv har vore dagleg leiar i Stord Næringsråd sia 2008. Ho har lang og allsidig bakgrunn frå næringslivet, og gjennom 11 år som leiar av Adecco sitt bemanningsbyrå på Stord, fekk ho god kjennskap til næringsstruktukturen på Stord og i Sunnhordland. Fire år i kommunestyret på Stord og prøvenemdansvarleg for kontorfaglærlingar, gav eit godt grunnlag for å bli kjend med dei offentlege forvaltningsnivåa. Anne-Grete er utdanna marknadsøkonom, og har i vaksen alder tatt Coach-utdanning på BI, Organisasjonspsykologi ved UiB og Karriereveiledning ved NTNU.
Ansatte
