Top Image

Om oss

Stord Næringsråd er ein frittståande interesseorganisasjon for næringslivet på Stord. 

Om oss


Stord Næringsråd er ein frittståande interesseorganisasjon for næringslivet på Stord, og vår historie går heilt tilbake til 1911, då namnet var Indre Søndhordlandske Landhandlerforening.  I 1919 vart namnet endra til Leirvik Handelssamfund, og i 1931 til Stord Købmannsforening. I 1952 var det igjen nytt navn som vart Stord Handelsforening.  I 1991 vart Stord/Fitjar Reiselivslag og Stord Handelsforening slått saman, og Stord Næringsråd vart stifta.

Vår visjon:
Stord Nærinsråd skal vera det sjølvskrivne fora for diskusjon av spørsmål som vedkjem næringslivet i Stord
 
Våre mål:

1. Stord Næringsråd skal vera ein synleg interesseorganisasjon
2. Stord Næringsråd skal vera talerøyr for næringslivet i Stord kommune
3. Stord Næringsråd skal arbeida for eit lokalsamfunn med fokus på berekraftig verdiskaping
4. Stord Næringsråd skal styrkja Stord sin identitet som by, og som handels- og regionsenter
5. Stord Næringsråd skal driva i økonomisk balanse
 
Side Image

Ansatte og styret

Stord Næringsråd har ein tilsett i 100% stilling.
Styret består av sju faste og to varamedlemmer. I tillegg har Stord kommune ein observatør i styret.
Les mer
Side Image

Vedtekter

Stord Næringsråd sine vedtekter finn du her.
Les mer