Personvernerklæring

Behandlingsansvarleg
Dagleg leiar ved Stord Næringsråd (SNR) er ansvarleg for verksemda si handsaming av personvernopplysningar. Erklæringa inneheld opplysningar du har krav på når det vert samla inn opplysningar frå nettstaden vår (personopplysningsloven § 19), og generell informasjon om korleis me handsamar personopplysningar (personopplysningsloven § 18 1. ledd).

Formålet med behandlinga

Det er frivillig for dei som besøker nettsida å oppgje personopplysningar når dei tek kontakt med oss ved bruk av kontaktskjema. Informasjonen som vert brukt her er utelukkande til å respondera på henvending, så lenge ikkje anna er avtalt i etterkant. Som brukar ev nettstaden gjer du samtykke til at me kan hente og bruke data i form av cookies og nettkapslar, med mindre anna er spesifisert.

Nokre personopplysningar er me pliktig til å hente inn og ta vare på i henhold til gjeldande regelverk.(eksempelvis er rekneskapsbilag lovpålagt jamfør bokføringsloven). Me hentar inn personopplysningar i all hovudsak via kontaktskjema på nettside, e-post, telefon, tekstmeldingar og meldingar via sosiale media. Anna form for kommunikasjon kan også skje. Næringsrådet verken hentar inn, registrerer eller handsamar sensitive opplysningar.

Opplysningar om medlemmer og kontaktpersonar

Med det formål å ta ivare medlemskapet, hentar me inn oplysningar om namn, stillingstittel, telefonnummer, adresse, verksemd og epostadresse frå kontaktpersonar hos våre medlemsverksemder. Medlemslister er tilgjengeleg for tilsette i SNR og for våre datahandsamarar og vår dataleverandør Iteam AS.


Det rettslege grunnlaget for å samle inn desse opplysningane er personopplysningsloven §8 a/GDPR artikkel 6 nr.1 bokstav b.

Opplysningar om nye medlemsverksemder og hovudkontakt kan verta publisert på stordnaeringsraad.no og på SNR sine Facebook side og LinkedIn – innmelding frå medlem i SNR gjeld som samtykke frå den det gjeld. Du kan når som helst be om å få opplysningar som vert publisert på stordnaeringsraad.no sletta.

SNR samlar inn kontaktopplysningar om kontaktpersonar for medlemsverksemder.  Desse opplysningane får me frå leiaren i verksemda, eller direkte frå kontaktpersonen. Dersom du har innvendingar mot dette, kan du ta kontakt med din arbeidsgjevar, eller med SNR. Kontaktopplysningar vil då verta sletta.

Opplysningar om medlemmer vil veta sletta 1 år etter utmelding, med unnatak av verksemda sitt namn. Verksemda sitt namn vil bli brukt til å utarbeide statistikk.

Opplysningar om verksemda, og deira kontaktpersonar vil verta publisert automatisk i næringsregisteret på stordnaeringsraad.no.  Desse opplysningane kan verksemda sin hovudkontaktperson redigere sjølv, via eigen lenke. 


Påmelding til kurs, frukostmøter og andre sosiale arrangement
På nettsida kan du melde deg på kurs, frukostmøter og andre sosiale arrangement ved å oppgje namn, kontaktinformasjon og arbeidsgjevar. Personopplysningar me får inn ved påmelding til dette vert nytta til det formål å administrera aktiviteten. Handsamingsgrunnlaget er personopplysningslova § 8 a/GDPR artikkel 6 nr.1 bokstav b.

Namn og verksemd vil komme fram på deltakarlister som vert sendt ut til alle deltakarar. Etter seminaret/møtet er gjennomført vil opplysningane, med unnatak av namnet til verksemda, verta sletta. Desse opplysningane vert brukt til å utarbeide statistikk.
Det er frivillig for dei som besøker nettsidene å oppgje personopplysningar i samband med tenester, som å motta nyhendebrev og invitasjonar til seminar/møter.

Handsamingsgrunnlaget er samtykke frå den enkelte
Opplysningar som vert samla inn i samband med drift av nettstad, vert lagra på eigne servere som vert drifta av Decode AS. Det er kun SNR og Decode AS som har tilgang til opplysningane som vert samla inn. Ein eigen databhandsamingsavtale mellom SNR og Decode AS regulerer kva informasjon leverandøren har tilgang til og korleis den skal handsamast.

Betalingsinformasjon
Når du førehandsbetalar for eit kurs eller deltaking på møter og arrangement, vert   betalingsinformasjon oppgitt slik at me kan motta di betaling. Me brukar Decode som databehandlar for betalingsinformasjonen.

Informasjonskapslar
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert plassert på din datamaskin når du laster ned ei nettside. Informasjonskapselen kan brukast til å lagre identifikatorar som kjenner igjen di maskin frå besøk til besøk. SNR brukar informasjonskapslar til å lage statistikk for trafikken på nettsida. Følgjande informasjonskapslar vert brukt på nettsida: Cookiebot

Nyhetsbrev
Du kan abonnere på nyhendebrev og invitasjonar til møter/arrangement slik at du mottar e-post frå oss for å få opplysningar om kursa me arrangerer. For at me skal kunne sende e-post må du registrere ei e-postadresse. E-postadressa vert ikkje delt med andre. Nyhendebreva vert sendt ut etter samtykke. Du kan når som helst trekke tilbake ditt samtykke til å motta nyhendebrev. Dette kan du gjere sjøl, ved å klikke på "Meld deg av her" nederst i alle våre eposter.

Korleis vert opplysningar sletta og lagra?
Du kan få innsyn i kva personopplysningar SNR har lagra om deg, ved å kontakte handsamingsansvarleg. 
Du har rett til å få endra eller sletta opplysningar som er uriktige eller mangelfull. Ved å ta kontakt med handsamingsansvarleg kan du også endre eller slette enkelte opplysningar som er lagra om deg. 

Kva rettar har den registrerte og kva land sitt lovverk gjeld?
Du har rett til innsyn i personopplysningane SNR handsamar om deg, og du har rett til å krevje at personopplysningane dine vert retta eller vert oppdatert. Du har også rett til å krevje at dine personopplysningar vert sletta. Ved slike førespurnader vil alle dine personopplysningar verta sletta, med mindre fortsatt oppbevaring av personopplysningane er påkrevd ved lov. SNR kan halde fram med å oppbevare anonymisert informasjon, dvs. opplysningar som ikkje kan knyttast til deg.

Ta kontakt med oss ved å nytta deg av kontaktinformasjonen angitt under handsamingsansvarleg dersom du ønskjer å nytte din rett til å: motta informasjon om kva personopplysningar handsamingsansvarleg handsamar om deg; endre, korrigere eller oppdatere personopplysningane dine; krevje at personopplysningar vert sletta; trekke tilbake ditt samtykke til innhenting, behandling og bruk, eller utlevering av dine personopplysningar til tredjepart; motta informasjon om din rett til dataportabilitet, dvs. din rett til å motta, gjenbruke eller overføre personopplysningar du har oppgitt til SNR. Dersom du meier at SNR si handsaming av personopplysningar er i strid med personvernlovgivninga, har du rett til å klage til Datatilsynet.

Klagerett
Ønskjer du å vete meir om dine rettar som registrert, anbefaler me deg å lese om dette på Datatilsynet sine nettsider. Dersom du meiner at reglane for personvern er brote, har du rett til å klage til Datatilsynet.

Kontaktinformasjon.
Kontaktopplysningar til handsamingsansvarlig: Torbjørn Brosvik. post@stordnaeringsraad.no