Top Image

Næringsalliansen

Næringsalliansen Vestland er eit samarbeid mellom 16.næringsråd og -foreiningar i heile Vestland fylke. 

Næringsalliansen Vestland


Formål og strategi for Næringsalliansen

Samarbeidsavtalen for Næringsalliansen Vestland slår fast at den skal vere grunnlaget for eit forsterka og inkluderande samarbeid mellom dei private næringsforeiningane i regionen. Avtalen peiker særleg på fire hovudmål:
  • Meir kraft i påverknads- og lobbyarbeidet, særleg regionalt og nasjonalt.
  • Fellesorganisert talerøyr ovanfor Vestland fylkeskommune.
  • Framstå samla i utvalde saker, også som høyringsinstans regionalt og sentralt.
  • Utveksling av kunnskap og erfaringar, nettverksdeling.
Viktige saker i 2021
I 2021 har «Grøn Region Vestland» vore særleg viktig. Prosjektet skal nyttast som grunnlag når ei rekke private og offentlege aktørar arbeider for å realisere det store potensialet for grøn omstilling i fylket. «Grøn Region Vestland» er ei vidareføring av «Vestlandsscenaria», som Næringsalliansen var ein sentral pådrivar for i 2020. EY har, på oppdrag frå Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge, utført ei omfattande kartlegging av etableringar og initiativ som kan medverke til lågare utslepp, nye arbeidsplassar og auka eksport og verdiskaping.
Fire delrapportar får fram ulike regionale styrkar og utfordringar i rekkjevis Bergensregionen, Fjordane, Indre Vestland og Sunnhordland. Industriell symbiose er eit sentralt omgrep, og «Grøn Region Vestland» peiker på fleire stader («hub-ar») med føresetnader for å samle ulike verksemder som kan ha stor nytte av kvarandre.
             
I tida som kjem vert det heilt avgjerande at entusiasmen kring «Grøn Region Vestland» vert vidareført og at suksessforteljingane frå  Vestlandsporteføljen får fortent merksemd. Næringsalliansen kan, med sitt store geografiske nedslagsfelt, spele ei viktig rolle, og er alt invitert inn i fleire arbeidsgrupper som skal vidareføre dette.
             
«Grøn Region Vestland» utgjer eit viktig fundament for Handlingsprogram for Regional plan for innovasjon og næringsutvikling, vedtatt av Fylkestinget i desember 2021. Næringsalliansen var representert i ei referansegruppe undervegs i prosessen. Vestland fylkeskommune vart i eit brev frå Næringsalliansen utforda til å fronte vestlandske interesser i kraftpolitikken:
«Det kan ikkje lenger vere slik at tilgjengeleg kraft vert tildelt etter eit «først til mølla»-prinsipp. Kraft må tildelast dei etableringane som kan vise til størst samfunnsøkonomisk lønsemd, verdiskaping og sysselsetjing. Kraftkrevjande tiltak som til dømes ikkje kan dokumentere ein auke i arbeidsplassar, må prioriterast lågare enn dei som medverkar til høgare, berekraftig sysselsetjing.»
Næringsalliansen sette óg ned eit  internt utval, som medverka til tydelege formuleringar om ei forsert utbygging av nødvendig nettkapasitet i det endelege vedtaket.
             
Alliansen har óg nytta høvet til å utdjupe bodskapen i et møte med det statlege Nakstad-utvalet, som legg fram sin rapport til sommaren 2022.
             
Samarbeidet med Vestland fylkeskommune fungerer svært godt. I 2021 fekk Næringsalliansen fast plass i Næringsforum Vestland, eit strategisk viktig forum for innovasjon og næringsutvikling i fylket.

Det har vore god aktivitet gjennom 2021, sjølv om føresetnadene ikkje har vore optimale. Næringsalliansen har gjennomført fleire medlemsundersøkingar, og det har vore viktig at desse er representative for verksemder i heile fylket, noko som óg har gitt godt synleg gjennomslag i pressa.
Bergen Næringsråd fungerer som administrativ ressurs for Næringsalliansen. Aktiviteten er i hovudsak finansiert gjennom medlemskontingent. I 2021 har Næringsalliansen óg fått økonomisk stønad frå Sparebanken Vest.

Næringsalliansen i Hordaland består ved inngangen til 2022 av desse 16 næringsforeiningane:
Bergen Næringsråd, Askøy Næringsråd, Austevoll Næringsråd, Bjørnafjorden Næringsråd, Bømlo Næringsråd, Fikse Næringsforening - Etne og Vindafjord, Hardanger Industri, Kvam Næringsråd
Kvinnherad Næringsservice, Nordhordland Næringslag, Osterøy Industrilag, Sogn og Fjordane Næringsråd, Stord Næringsråd, Tysnes Næringsråd, Vaksdal Næringsselskap, Vest Næringsråd.
Side Image

Næringsalliansen på Stord 15. juni

Deler av Næringsalliansen var samla på Stord 15. juni, og deltok på Stordkonferansen dagen etter.

Samlinga starta med omvisning på Katapunktsenteret på Heiane og  presentasjon av Alltec Services ved Magnar Aaland, før turen gjekk vidare til Renevo på Eldøyane med presentasjon, omvisning og lunsj. 
På Eldøyane stoppa me også ved Johan Castberg skipet og fekk ei presentasjon av informasjonsmedarbeidar Elisabeth Sætrevik, før turen gjekk tilbake til Stord Hotell.
Ettermiddagen vart avslutta med byvandring gjennom Leirvik med tur til Galleri Giga og god mat og drikke hos Åtgaum.