Statsminister Jonas Gahr Støre stod for opninga, og innleiingsforedraget på Stord Hotell.

Stor dag då statsminister Jonas Gahr Støre opna RENEVO sitt biogassanlegg

26.05.2022
24.mai var ein historisk dag for næringslivet på Stord - eit nytt industrieventyr er i gong med opninga av biogassanlegget på Eldøyane.
Og det var ei opning og eit arrangement som gjorde oss alle stolte.

Helsingar og taler frå samarbeidspartnarar, eigarar og kundar. Flott underhaldning og ein fantastisk kveld med god mat og drikke. Christine Hope leia det heile på sitt humoristiske vis.

Me gler oss til å følga dette industrieventyret vidare. Neste biogassfabrikk vert i Etne, og skal snart byggast - dette vert dobbelt så stort som anlegget på Stord.

Stord Næringsråd gratulerer igjen, og me ønskjer RENEVO masse lykke til vidare.

LES FLEIRE NYHENDE