
Tech Cluster West inviterer til nytt arrangement
Kunnskapshuset, 3. etasje
Me ynskjer å invitera alle med med ei middels til sterk interesse for elektronisk datahandsaming 🖥️ i Sunnhordland 🏝️ til å møtast 10 januar. Temaet denne gongen er “Praktisk bruk av AI/ML”. Det tyder at me ser på korleis det kan nyttast på ekte.
- Andreas Øye frå Sparebanken vest kjem for å prate om korleis dei nyttar AI/ML hos seg.
- Knut Marius Sundt frå Ilder kjem for å snakke om korleis me nyttar CoPilot frå github når me utviklar.
- Tor Gjøsæter tek for seg hippiedelen med eit augekast på Midjourney og Stable diffusion.
- Frode Marton Meling kjem og snakkar om ein use-case for stålutrekning dei har eksprimentert med på Salt Ship Design.