Hovedsamarbeidspartnarar

Stord Næringsråd har i dag fire hovudsamarbeidspartnarar. Avtalen skal gje partane gjensidig nytteverdi i det næringspolitiske arbeidet, og utvikla samhandlingsarenaer kor visjon og mål for Stord Næringsråd vert fremma. 

Hovudsamarbeidspartnarane våre er viktige premisslevandørar for mykje av det som skjer i det øvrige næingslivet på Stord.

Dei fem hovudsamarbeidspartnarane er:
  • Aker Solutions
  • Haugaland Kraft
  • Multiconsult
  • Sparebanken Vest

 
Sparebanken Vest - www.spv.no

Sparebanken Vest er ein frittståande sparebank med røter tilbake til 1823. Banken er
landets nest eldste bank, og i dag er Sparebanken Vest den tredje største sparebanken i
landet. Banken er 60 prosent samfunnseigd og 40 prosent eigd av private eigarar gjennom
eigenkapitalbevis på Oslo Børs.
Hovudkontoret ligg i Bergen, og banken yter tenester i personmarknaden, næringsliv og offentleg sektor i Vestland, Rogaland og Møre og Romsdal. Sparebanken Vest har 35 kontor - frå Ålesund i nord til Jæren i sør med meir enn 600 medarbeidarar. 
Forretningsideen til banken er todelt, basert på bankdrift, men òg på samfunnsengasjement.
Visjonen til Sparebanken Vest er at alt dei gjer, gjer dei for å bidra til at livet på Vestlandet skal verte
enno litt betre. Utanom tradisjonell finansiering, engasjerer banken seg på ei rekke områder. Eksempel på dette er at banken er initiativtakar og støttespelar i ei rekke klyngjesamarbeid, finansiell støttespelar til studieprogrammet brytningstid på NHH, arrangør av Vestlandskonferansen som er ein møteplass for vestlandsbedrifter, samt at me tilbyr eit profesjonelt tilbod til start-up selskap på Vestlandet.
Dei siste 10 åra har banken delt ut over 1,2 milliard kroner til allmennyttige føremål på Vestlandet. Banken støttar ei rekke lag, organisasjonar, arrangement, festivalar, klyngesamarbeid, 
næringsforeiningar og andre foreiningar i lokalsamfunna på Vestlandet.
På grunn av Korona-situasjonen oppretta Sparebankstiftelsen Sparebanken Vest i 2020 eit
ekstraordinært koronafond på ein million kroner for å støtte lag og organisasjonar som har mista
arrangementsinntekter eller fått auka kostnadar, som følgje av pandemien. I tillegg oppretta stiftinga eit Ildsjelfond på ein million kroner til gode initiativ på Vestlandet.
I 2020 innførte Sparebanken Vest kundeutbytte. Dei siste to åra har Sparebanken Vest-kundane fått til saman 654 millionar kroner i kundeutbytte.
Saman gjer vi det betre.

Haugaland Kraft - www.hkraft.no

2021: et strøm-varsko
Nok et unntaksår ligger bak oss. Foruten en pandemipreget hverdag, vil året 2021 trolig bli husket for rekordhøye strømpriser. I vårt område var gjennomsnittsprisen per kilowattime nesten tre ganger høyere i fjor, sammenlignet med snittet for de siste ti årene. 2021 står dermed i sterk kontrast til 2020, da strømprisene var eksepsjonelt lave.
Utover høsten og vinteren i fjor økte strømkundenes fortvilelse i takt med strømprisene. Samtidig satte koronarestriksjoner, permitteringer, sykdom og uforutsigbarhet hele samfunnet på prøve. Krisen rammet særlig hardt de som allerede stod i en vanskelig livssituasjon fra før. I førjulstiden delte Haugaland Kraft derfor ut tre millioner kroner til vanskeligstilte rundt om i regionen. Frivillighetssentralene i kommunene sørget for en rettferdig fordeling av midlene, som blant annet gikk til Frelsesarmeen, Kirkens Bymisjon, NAV og barnevernet.
Behov for nyinvesteringer i fornybar kraft
Haugaland Kraft sin satsing på havvind gjennom selskapet Deep Wind Offshore (DWO) vil være en viktig brikke i produksjon av ny fornybar kraft slik at vi kan unngå kraftunderskudd og høye strømpriser i tiden fremover. Selskapet rigger seg for en konsesjon på Utsira Nord-feltet og fikk i 2021 million-tilskudd for å utvikle og kommersialisere teknologi som vil styrke lønnsomheten i flytende havvind
Vekst, fusjon og nye eiere
Gode resultater bidrar til å trygge eksisterende, samt å skape nye arbeidsplasser i regionen. I løpet av fjoråret passerte vi 500 ansatte, alle dyktige og engasjerte fagfolk som jobber spredt rundt om i regionen. Lønnsom drift gir også betydelige regionale ringvirkninger, bl.a. i form av kjøp av lokale varer og tjenester og skatteinntekter til kommunene.
Haugaland Kraft har lenge hatt en strategi om å være en pådriver i utviklingen av regionen Sunnhordland, Hardanger, Indre Ryfylke og Haugalandet. I 2021 inviterte vi Sauda, Etne, Bømlo og Fitjar inn på eiersiden. Også Ullensvang kommune kom inn som ny eier da vi mot slutten av året slo oss sammen med Energiselskapet Odda. Utvidelsen er strategisk viktig og styrker det lokale eierskapet i konsernet. Samtidig sikrer fusjonen både forsyningssikkerheten, beredskapen og arbeidsplasser i Hardanger.

Aker Solutions - www.akersolutions.com

Aker Solutions sitt verft på Stord vart også i 2021 prega av covid-19. Med stor aktivitet skapte det vanskar med tilgang på arbeidskraft då styresmaktene i mars stengte grensene. Heldigvis kom det etterkvart på plass søknadsbasert ordning for å ta inn eit avgrensa tal utanlandske arbeidarar, som gjorde at me unngjekk stopp i prosjekta.
Dei største prosjekta dette året har vore Njord A, Johan Castberg og Johan Sverdrup. I juni var den 5000 tonn store tilleggsmodulen til Johan Sverdrup fase to klar for utlasting, og månaden etter var modulen klar for å bli slept ut i havet og løfta opp på stigerøyrsplattforma.  Njord har også dette året  vore eit stort og krevjande prosjekt. Trass vekst i arbeidsomfang og mangel på arbeidskraft på grunn av covid-19, hadde prosjektet god progresjon gjennom året, slik at plattforma er klar til sjøprøvar i byrjinga av 2022. Det var også stor aktivitet i Johan Castberg-prosjektet.  Alle modular er no samla på verftet, og er klar for innløft når skroget kjem våren 2022.
Første etappe av støypinga av Hywind Tampen-understella blei ferdigstilt i dokken, og kunne i april slepast til Dommersnes for vidare glidestøyp. I tillegg har det vore aktivitet med bygging av nytt MEG-tog til landanlegget på Kollsnes, og førebuingar til byggestart på elektrifiseringsprosjektet Troll Vest og CO2-fangstprosjektet Northern Lights.
Aker Solutions har i tillegg vunne viktige forprosjekteringsoppdrag på Wisting, Valhall og Noa, som posisjonerer selskapet for store og viktige nybyggoppdrag.


Multiconsult - www.multiconsult.no

Multiconsult ASA er eit leiande norsk ingeniør- og arkitektselskap. Med 3200 høgt kompetente medarbeidarar fordelt i sterke fagområde kan Multiconsult gjennomføre sjølv dei mest komplekse prosjekta marknaden har å tilby. Med røter tilbake til 1908 har selskapet hatt ei sterk innverknad på Norge si utvikling og økonomiske vekst. Selskapet tilbyr multifagleg rådgjeving, design, prosjektering, arkitektur, prosjektoppfølging, leiing, verifikasjon og kontroll – både nasjonalt og internasjonalt.

Vår visjon er: «Bru mellom fortid og framtid». Multiconsult skal vere brua mellom det som ein gong var og det som seinare skal bli der menneske ferdast, verkar og fungerer.
Multiconsult tilbyr tenester innanfor planlegging, design, arkitektur, miljøfag, ingeniørfag, kontraktar og innkjøp, prosjektstyring og -oppfølging, både i Norge og internasjonalt. Målet er å gjere det enklare å utvikla og gjennomføra verdiskapande og berekraftige prosjekt for selskapet sine mange kundar.
I Multiconsult-gruppa inngår selskapa Multiconsult Norge, LINK Arkitektur, Multiconsult Polska, Multiconsult UK og Iterio. Konsernet har kontor i Norge, Sverige, Danmark, Polen og Storbritannia, samt er til stades i Asia og Afrika. Hovudkontoret er plassert i Oslo.

Multiconsult ASA er notert på Oslo Børs.

Multiconsult si verksemd er delt inn i følgjande forretningsområde:
  • Bygg & Eiendom
  • Mobilitet & Samferdsel
  • Energi & Industri
  • Vann & Miljø
Multiconsult på Stord har om lag 40 tilsette, og har kontor i Kunnskapshuset i Sæ, Leirvik. Kontoret vart ein del av Multiconsult i 2016, og er bredt tverrfagleg samansett med mange dyktige medarbeidarar fordelt på to seksjonar. Seksjon bygg og industri organiserer faga konstruksjon, prosjekt- og byggjeleiing, elektro og VVS/HVAC. Seksjon akva og plan har medarbeidarar i faggruppene akva, VA og arealplan og utgreiing. Våre satsingsområde er landbasert akvakultur, industri og energi.