elevar
Elevane ved Stord Folkehøgskule

23.10.2022 | Tekst: Anne-Grete Sandtorv
For andre gong har eg hatt gleda av å ha laurdagsseminar med elevane på Stord Følkehøgskule, og eg håpar dette kan verta ein god tradisjon.
Tema var Sirkulærøkonomi generelt og for tekstil spesielt.

 
Tekstilbransjen står for det fjerde største forbruket av naturressursar og vatten i verda, og denne industrien står for det femte største utsleppet av miljøgifter. Dette er viktige grunnar til at me som forbrukarar vert bevisst eige forbruk og sjå korleis me kan bidar til at det vert produsert mindre klede, og klede av høgare kvalitet.

Elevane på Stord Folkehøgskule var ei engasjert og kreativ gruppe å jobbe med, og dei hadde mange forslag til korleis dei sjølv og produsentar kunne lage produkt som var betre for miljøet, og ikkje minst korleis produkt kunne lagast for å vare lengre.

Til stades denne laurdagen var også Stord Husflidslag som mellom anna hjalp til med reparasjon av tekstilar og viste elevane korleis dei betre kunne ta vare på eige klede.

Turen gjekk vidare til Det Gule Hus, som er eit godt døme på ein forretnigsmodell kor det vert lagt godt til rette for sal av brukte ting frå private.
 

LES FLEIRE NYHENDE