Samferdsle

Samferdsle er ein av dei områda Stord Næringsråd brukar mest tid og ressursar på. E39 går over Stord, og er hovudpulsåra for all trafikk på veg langs kysten vår. Ein ferjefri E39 er eit viktig mål for å vidareutvikle næringslivet vårt, og for at industrien vår i framtida skal halde fram å vera konkurransedyktig.
Saman med næringsråda langs heile kysten og pådrivarselskapet Hordfast AS, jobbar me inn mot NTP arbeidet, og Vestland fylkeskommune er ein viktig samarbeidspartnar gjennom Kontaktutvalet for E39. Stord Næringsråd er medeigar i  Hordfast AS, og medarrangør av den årlege vegkonferansen "Det Nye Vestlandet". Konferansen "Det Nye Vestlandet" vert i 2023 arrangert på Scandic Flesland Airport den 1.november.

E134 over Haukeli er ein svært viktig veg for Stord og regionen vår - dette er den viktige aust/vest vegen. Det vert jobba godt for at denne vegen vert vintersikker, slik at sjømat og andre varar kjem trygt over fjellet og ut til eksportmarknadene.

Stord Næringsråd er også medeigar i pådrivarselskapet Sunnfast, som jobbar med ein bruforbindelse mellom Kvinnherad og E39 på Stord, og styrking av Hordfast prosjektet.