hovedinngang hvl skule
HVL campus Rommetveit

Semesteropning på HVL campus Stord 15. august

18.08.2022 | Tekst: Anne-Grete Sandtorv
Randi Skår, dekan helsefag stod for opninga av semesteret, og ønska velkommon til campus Stord på Rommetveit.
Endeleg var det klart for å møtast igjen fysisk til semesteropning og skulestart for studentane ved HVL. Av dei 1350 studentane ved HVL er det i år 16 internasjonale studentar ved studiet "Fjords and Glaciers". 

Høgskulen på Vestlandet, som har tatt mål av seg til å verta universitet i 2024, er ein viktig utdanningsinstitusjon for regionen. Svært mange blir verande igjen i regionen, og kjem ut i lokalt nærings- og arbeidsliv.

Helsingar til studentane
  • Rektor Gunnar Yttri helsa digitalt til alle 5 campusar.
  • Ordførar Gaute Epland helsa også til alle studentane, og ba dei ta heile Stord og kulturlivet i bruk.


 

LES FLEIRE NYHENDE