Næringsliv i Vestland
Verdiskaping og kompetanse er eit viktig kapittel i utviklingsplanen. Foto: Vestland fylkeskommune

Den neste utviklingsplanen

17.01.2024 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Korleis skal vi i Vestland jobbe i lag for å bli det leiande verdiskapingsfylket? Vestland fylkeskommune kom til Stord for å få innspel til Utviklingsplan for Vestland 2024-2028.
Kommunane i Sunnhordland, Samarbeidsrådet, næringsliv og organisasjonar var invitert til dialogmøte med Vestland fylkeskommune for å gi innspel til utviklingsplanen for denne valperioden.

Utviklingsplan for Vestland 2020-2024, regional planstrategi, er den overordna planen for samfunnsutviklinga i Vestland. Den viser utfordringar og utviklingstrekk i fylket, har langsiktige mål, og strategiar for korleis vi skal nå dei og møte utfordringane.


Oddmund Klakegg, leiar i Hovudutval for næring, ønska velkommen og fekk med seg mange gode innspel frå Sunnhordland. Etter møtet var ferdig sette han seg i bilen og skulle køyre heim til Jølster. Då fekk han truleg kjenne på trongen for Hordfast.


André Mundal Haukås, ordførar i Sveio og leiar for Samarbeidsrådet i Sunnhordland var ein av dei som la fram viktige tema frå vår region.

Kort oppsummert var innspela frå Sunnhordland at det viktigaste fylket kunne jobbe vidare med no er samferdsle, kraft og kompetanse. Dette er og heilt i tråd med dei tilbakemeldingane SNR får frå sine medlemmer, og er viktige saker som må jobbast med både lokalt, i fylket og inn mot staten.

Her kan du lese meir om den neste utviklingsplanen og korleis Vestland fylke ser føre seg å arbeide framover. Her er og mykje godt kunnskapsgrunnlag som skal ligge til grunn for vidare plan og arbeid i fylket.
Den neste utviklingsplanen - Vestland fylkeskommune

 
Politikk

LES FLEIRE NYHENDE