Advokat Ine M. Bekkeheien i BDO fortel om generasjonsskifte på frukostmøtet i dag.
Advokat Ine M. Bekkeheien i BDO fortel om generasjonsskifte på frukostmøtet i dag.

Frukostmøte med BDO

22.02.2024 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Arv og overføring av verksemda til neste generasjon, korleis tilpasse seg til eit generasjonsskifte og korleis slår dette ut på skatt og formueskatt? Dette var nokre av spørsmåla BDO var innom i sin presentasjon på frukostmøte i dag.
Over 40 frammøtte fekk med seg gode tips for korleis ein skal legge til rette for arv og overføring av verdiar, verksemder og fast eigedom. Det er mange fallgruber å gå i og det kan vere lurt å ha kontakt med ein rådgjevar i ein slik prosess.

- Det er lurt å forberede overføring til neste generasjon i god tid, seier Senior manager Ine M. Bekkeheie i BDO advokater. Både for eigen del og familien sin del er det godt å ha litt tid til å tenke gjennom kva ein sjølv vil og kva resten av familien vil.

- Når er det riktig tid å overføre verksemda til neste generasjon? spør Partner Espen Trædal i BDO advokater. Og kva skal senior leve av etter overføringa er gjort? Ein må tenke gjennom både løn og pensjon og rolle i selskapet etter overføring. Ein må og sjå på kva tid det er best for neste generasjon å ta over.

Framtidsfullmakter, klare avtalar og tinglyste dokument kan vere med på å gjere arveoppgjer klarare og minske sjansen for konfliktar.




Takk til vår samarbeidspartnar BDO for eit godt frukostmøte!

Samlingar

LES FLEIRE NYHENDE