Deltakarar og presentasjon ved frukostmøte
Frukostmøte med Multiconsult

Frukostmøte med Multiconsult

11.05.2023 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Multiconsult brukte frukostmøtet godt og fekk presentert seg sjølv, mange spennande prosjekt og ikkje minst korleis dei ser for seg landbasert oppdrett vil bli i tida framover.
Torsdag morgon var over 40 medlemmer samla til ein god frukost på Stord hotell. Praten gjekk godt rundt borda og det er tydeleg at dette er ein kjekk og verdsett møteplass. Her møtes ein på tvers av bedrifter og bransjar og har mulighet til å utvide nettverket sitt.

Denne gongen var det Multiconsult som fekk høve til å presentere seg. Avdelingsleiar Erlend Agdestein Kent viste fram bedrifta og korleis Multiconsult kan vere ein god medspelar i mange ulike prosjekt frå plan til demolering. Vidare fekk vi høyre Tom Rydland snakke om akvakultur og landbaserte oppdrettsanlegg. Denne næringa er svært viktig for landet vårt og har framleis eit stort vekstpotensiale. Multiconsult vil vere med å utvikle næringa vidare og kan tilby rådgjeving og løysingar for heile verdikjeda.

 

LES FLEIRE NYHENDE