kart Bømlafjorden

KVU-arbeid for korleis Bømlafjorden skal kryssast i framtida - vil ha næringslivet med på laget!

27.10.2022 | Tekst: Anne-Grete Sandtorv
På frukostmøte 25.oktober presenterte Statens vegvesen KVU-arbeidet som no er i gong for framtidig kryssing av Bømlafjorden. 
Dette er ei bestillig med fagleg bakgrunn i at dagens Bømlafjordtunnel har meir enn 5 graders stigning, og at den manglar rømningsveg.
KVU-arbeidet skal munna ut i ein rapport sommaren 2023, kor det skal med tilråding både på kort og lang sikt.
 
Det var godt engasjement hos dei frammøtte, kor viktigheita av å sjå sjøen som infrastruktur for industrien og som del av næringsarealet også for framtidig næringsaktivitet vart understreka. Innslagsfelt for eventuelt ny framtidig tunnel vert også viktig å sjå opp mot korleis Trekantsambandet fungerer i dag for Bømlo.
Prosjektleiar Ole-Mathias Nes i Statens vegvesen inviterte interesserte til å vera med i referansegruppa for det vidare KVU-arbeidet.

 

LES FLEIRE NYHENDE