Kjersti Haugland, sjeføkonom i DnB Markets, presenterer økonomiske utsikter for tida framover.
Kjersti Haugland, sjeføkonom i DnB Markets, presenterer økonomiske utsikter for tida framover.

Lunchmøte om økonomiske utsikter

02.02.2024 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Heilt full sal då Kjersti Haugland, sjeføkonom i DNB Markets, presenterte økonomiske utsikter på lunchmøte i dag.
Medlemmene i Stord Næringsråd er truleg over snittet interessert i makrotal, rentebaner og økonomiske utsikter. Ein fullsett sal fekk med seg eit eingasjerande og godt foredrag av sjeføkonom Kjersti Haugland, der hovudpunkta var at no er det venta mjuk landing og forsiktige rentekutt. Samstundes vart det poengtert at Noreg har eit liten og open økonomi og at hendelsar og trendar i dollar- og euro-området vil ha stor påverknad på vår økonomi.

DNB ventar at det etter nokre år med reallønnsnedgang no vil vere ein reallønnsauke, som bidrar til eit løft i kjøpekrafta. Vidare har privat konsum ein stor påverknad på økonomien totalt. Dette er med på å føre til at vi får ei mjuk landing i norsk økonomi no, før den igjen vil ta sats.


Svein Rune Jordheim i DNB Markets minna igjen om at ingen veit kva som vil skje med renta framover, og at Norges Bank, som set renta, ikkje alltid treff med sine framskrivingar. Vidare er det viktig å huske at rentesikring ikkje er eit veddemål mot banken, men ei forsikring mot høgare rente når ein ikkje veit kva veg markedsrenta vil gå.




Sjølv etter ein betre lunch vart deltakarane engasjerte av makrotal, rentebaner og økonomiske utsikter.


 

LES FLEIRE NYHENDE