Stord Næringsråd

Medlemmene ser lyst på framtida og prioriterer Hordfast

19.01.2024 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Halvparten av medlemmene i Stord Næringsråd meiner omsetninga vil auke i 2024. Samstundes er det ingen som trur arbeidsstokken skal reduserast, tvert i mot svarer alle at arbeidsstokken vil auke opp mot 25 %! 
Stord Næringsråd har i samarbeid med Bergen Næringsråd og Næringsalliansen Vestland utført ei omfattande medlemsundersøking. Her vert nokre av resultata presentert.

Omsetting og resultat

Omlag halvparten av verksemdene ventar å få ei auke i omsetning i 2024. Nesten like mange, 44,4 %, reknar med at det økonomiske resultatet for 2024 vil verte betre enn i 2023.

Utfordringar

Sjølv om mykje ser lyst ut svarer verksemdene at det er nokre skyar på horisonten. Det stigande rentenivået er ei utfordring både for verksemdene direkte, men og indirekte ved at kundar gjerne ikkje tar seg råd til like mykje som elles. Auka inflasjonspress verkar óg inn på same måte. God tilgang på rett kompetanse er óg noko som vert løfta fram av verksemdene i undersøkinga. Tilgang på kapital ser derimot ikkje ut til å vere noko utfordring for verksemdene på Stord.

Viktig for å styrke konkurranseevna

Dei fire viktigaste behova for å styrke konkurranseevna er betre tilgang på kompetent arbeidskraft, tettare nettverkssamarbeid mellom bedrifter, meir føreseielege rammevilkår og betre vegar. Dette er sentrale element i det SNR kommuniserer inn mot politisk styre, både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Tilsette i verksemda

Verksemdene svarar at dei trur det vil verte ei auke i tilsette.

Samferdsle

78 % av verksemdene meiner Hordfast er det viktigaste samferdsleprosjektet for oss på Stord. Nesten halvparten løftar og fram E134 Haukelitunellen, og neste 30 % peikar på ny trygg veg og bane Bergen-Voss. Desse tre store prosjekta er vurdert høgare enn auka vedlikehald på dei vegane vi har.

 
Informasjon

LES FLEIRE NYHENDE