Næringslivet må få kompensert for dei høge straumprisane!

08.03.2022
I eit ope brev til finansminister Trygve Slagsvold Vedum er Næringsalliansen tydeleg på at næringslivet må kompenserast for dei høge straumprisane.


Det er krise i mange bedrifter på Vestlandet som følgje av dei høge straumprisane.  Alt frå reiseliv til industri, oppstartselskap, etablerte aktørar, små og store bedrifter, har i desse dagar utfordringar med å tene pengar på produkta og tenestene som følgje av den uventa, høge strasumprisen som trefte delar av landet i fjor haust. Sjå heile det opne brev til finansministeren her.



Og ingenting tyder på at situasjonen vert betre med det første. Uro i energimarknaden påverkar olje- og gassprisane, som igjen påverkar straumprisen. Regjeringa må komma på banen og forstå korleis dette rammar store delar av næringslivet vårt.

LES FLEIRE NYHENDE