SNR-Stord kommune og hovudsamarbeidspartanane logoar

Samarbeidsmøte kommune og næringsliv

21.02.2024 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Spele på lag, trong for kompetanse, langsiktig strategi, demografi og kamp mot utanforskap var nokre av emna som vart løfta fram i samarbeidsmøte mellom SNR, hovudsamarbeidspartnarane og Stord Kommune
Stord Næringsråd legg til rette for at det skal vere samarbeid mellom kommune og næringsliv. Våre hovudsamarbeidspartnarar, Aker Solutions, Haugaland Kraft, Multiconsult og Sparebanken vest møtte i dag Stord kommune i eit samarbeidsmøte.

Ordførar Sigbjørn Framnes var tydeleg på at kommunen ønskjer å ha ein god dialog med næringslivet og set pris på at vi kan setje oss ned rundt eit bord og løfte fram mulighetar, utfordringar og felles problemstillingar.

- Vi har strategiplan for kvar vi skal vere om 10 år, seier verftsdirektør Jan Ertsvåg i Aker Solutions. Vi har investert tungt på verftet her og skal vere relevante på Stord i lang tid framover. Vi treng at kommunen sikrar at basiselementa i samfunnet er på plass og ser gjerne at kommunen legg fram sine planar og målsettingar.

- Stord må oppretthaldast som kompetansearbeidsplass, meiner avdelingsleder Erlend Kent i Multiconsult. Kommunen må legge til rette for næringsområde som er passande for meir enn lagerhallar.

- Ein av dei to transformatorstasjonane i landet med lågast ledig kapasitet står på Stord, seier Divisjonsleder nettutvikling og utbygging, Hermann Skromme i Fagne AS. Det er viktig at kommune og næringsliv står saman for å løfte fram kor viktig det er å bygge ut kapasiteten i nettet for å kunne ha plass til nye bedrifter i straumnettet.

- Når næringslivet lukkast, lukkast banken, seier banksjef Einar Almås i Sparebanken Vest. Vi ser på Sunnhordland som eit viktig vekstområde og satsar på denne regionen.

- Vi må spele kvarandre gode, seier kommunedirektør Tommy Johansen i Stord kommune og peikar på at sjølv om det er mange utfordringar vert det utført gode tenester i kommunen kvar dag. Administrasjonen er klar over verdien av næringslivet og opptatt av å legge til rette best mogleg for næringslivet. Stord kommune skal vere ein god kommune å bu og arbeide i.

Det vart og rom for ein liten sveip innom Nasjonal transportplan og Hordfast, der alle er klare på kor viktig dette prosjektet er for både næringsliv og kommune. NTP vert lagt fram frå regjeringa 22. mars og skal vedtakast i Stortinget før dei tar sommarferie.

 
Politikk

LES FLEIRE NYHENDE